Hopp til innhold

Meiner kommunane blir gjort til syndebukk i vaksineringa

Kommuneoverlegen i Molde og 70 andre kommuneoverlegar kritiserer regjeringa si haldning i arbeidet med den tredje vaksinedose.

Cato Innerdal

KRITISK: Cato Innerdal, kommuneoverlege i Molde, er ein av mange kommuneoverlegar som er kritisk til regjeringa sin vaksinestrategi. Han meiner at kommunane blir gjort til syndebukk.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi har halde på med vaksinering kvar veke sidan vi fekk dei første dosane og mange kommunar byrjar å bli slitne. Då opplever ein pisk som ekstra negativt, når ein heller burde brukt gulrot, seier Cato Innerdal, kommuneoverlege i Molde.

I ein kronikk på NRK er han og andre kommuneoverlegar no kritisk til regjeringa. Det er særleg beskjeden om å auke takten på vaksineringa som skapar reaksjonar. Kommunane blir syndebukkane, meiner Innerdal.

– Eg meiner at det blir gitt eit inntrykk av at kommunane somlar med vaksineringa. Samtidig som vi har fått føringar på at det må gå eit visst tidsrom før vi kan gi den tredje dosen, seier Innerdal.

Må avbestille vaksinedosar

Dermed er det få personar under 65 år som kan få tredje dose før nyttår, for dei framleis må vente i seks månader, medan dei som er over 65 må vente i fem månader.

En kvinne får en sprøyte med HPV-vaksine på St.

VAKSINERING: Kommuneoverlege, Cato Innerdal, saknar meir støtte frå regjeringa i arbeidet med tredje vaksinedose.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Dette skuldast den geografiske omfordelinga av vaksinar i sommar, og dermed er det ein stor del av befolkninga vår som ikkje kan vaksinerast før i januar, seier kommuneoverlegen.

Innerdal meiner at når FHI no sender ekstra vaksinedosar til kommunane så fører det til ein ting: Meirarbeid. Kommunane må bruke tid på å avbestille dosar fordi dei ikkje har nok godkjente armar å sette dosane i, seier Innerdal.

– Vi har planlagt, og i realiteten snart ferdigstilt vaksineringa av dei over 65 år. Likevel får vi tilsendt ekstra vaksinar som vi må bruke tid på å avbestille.

Vil ha meir støtte

Kommuneoverlegen føler at det no blir stilt strenge krav frå regjeringa og FHI, men saknar samtidig meir støtte. Han har tidlegare også kome med kritikk av Solberg-regjeringa si koronahandtering, men meiner at det er ein klar forskjell mellom den førre og dagens regjering.

– Då blei det sjeldan brukt ord som «kommunen skal» og «kommunen må». Det har forandra seg i haust. Det er stor slitasje ute i kommunane no. Vi føler at vi har mista ryggstøtta som vi hadde frå den politiske leiinga og det utgjer ei ekstra belastning for oss som har stått oppi dette lenge, seier Innerdal.

Han seier det no blir viktig å gjenopprette tilliten og vektlegg også viktigheita av at ting er føreseieleg for kommunane.

– Plutseleg kan vi få beskjed om at vaksineintervallet blir endra for resten av befolkninga. Skal vi få vaksinert folk så fort som råd må vi ha føreseielegheit.

– Vi jobbar saman

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) skriv i eit svar til NRK at kommunane og regjeringa ikkje speler mot kvarandre, men jobbar saman i handteringa av pandemien.

Helsedirektør Bjørn Guldvog, helseminister Ingvild Kjerkol (Ap), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og direktør i FHI Camilla Stoltenberg under koronapressekonferanse etter redegjørelsen i Stortinget tirsdag 30.11.

JOBBAR SAMAN: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) vektlegg at kommunane og regjeringa ikkje speler mot kvarandre.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommunane og vi i helsemyndigheitene er på same banehavdel og skyt mot det same målet, men vi har ulike oppgåver.

Ho vektlegg at dei skal bidra slik at kommunane har det dei treng for å gjere jobben, som å ha nok vaksinar, og at dei får dekt utgiftene dei har til pandemihandteringa.

Ifølge Kjerkol har mange kommunar etterlyst ein tydelegare strategi for handteringa av pandemien. Helse- og omsorgsministeren seier ho er opptatt av å ha ein tett dialog med kommunane.

– I denne strategien har vi sagt at det viktigaste er å gi befolkninga over 65 år ei tredje dose før jul. Eg veit at veldig mange kommunar no står i ein krevjande situasjon, og har oppfordra dei til å prioritere den tredje dosen til dei eldste. Eg har oppfatta at dette er ei klargjering som mange kommunar er einig i og syntest det var fint å få, seier ho.