Hopp til innhold

– Miljøstyresmaktene må vurdere stenging

Nesset kommune bed KLIF (tidlegare SFT) om å vurdere å stengje attvinningsbedrifta Reox alt i 2012.

Reox Rausand

I mange år har naboar kjempa mot luktplager frå Reox. No skal saka opp i kommunestyret.

Foto: Remi Sagen

Rolf Jonas Hurlen, ordfører i Nesset

Ordførar i Nesset, Rolf Hurlen seier at no er det siste frist for å rydde opp.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Dersom bedrifta Reox i Nesset ikkje sluttar med forureinande utslepp, må dei stenge i løpet av året. Det seier ordførar Rolf Hurlen.

Torsdag ettermiddag behandla kommunstyret i Nesset saka. I vedtaket ligg det ein klar refs til attvinningsbedrifta i tillegg til ei klar oppmoding til KLIF om å nytte dei midla som styresmaktene har til rådvelde for å få kontroll over situasjonen.

– Omfattande forureining

I det gamle gruvetårnet på Rausand i Nesset driv bedrifta Reox med attvinning av aluminium. Naboane har lenge vore plaga av lukt og støv frå verksemda, og no krev Nesset kommune at det vert slutt på forureinande utslepp.

– Det er openbart at bedrifta vert stengt, dersom dei ikkje lukkast med å få kontroll på utsleppa, seier ordførar Rolf Hurlen.

Nesset kommune forutset no at Reox blir drive etter konsesjonsvilkåra og at verksemda blir driven etter reglane for miljøretta helsevern.

Reox blir pålagde å snarast råd rette på forholda slik at utsleppa kjem i samsvar med utsleppsløyva og andre pålegg frå KLIF, heiter det i vedtaket frå kommunestyret.

Rotne egg

Dei som bur i nærleiken beskriv lukta som rotne egg, salmiakk eller ammoniakk. Nokre har fortalt at dei vil brekke seg av lukta.

Klima og forureiningsdirektoratet, fylkesmannen og kommunelegen har lenge kravd at bedrifta gjer noko med utsleppa. I dag skal kommunestyret i Nesset behandle saka.

– Dette er ein absolutt siste frist for å ordne opp, seier Hurlen.

Tvangsmulkt

Bedrifta har fått pålegg om å sende resultat av luktmålingar til Klima og forureiningsdirektoratet innan 1. september. Dei skal også sende inn dokumentasjon på tiltak dei har gjort for å redusere utslepp av støv og ammoniakk. Dersom fristen ikkje vert halden, må dei betale 5000 kroner per dag i tvangsmulkt.

Ingen kommentar

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i bedrifta, Mark Frederick Brookes i Storbritannia, og han kan ikkje kommentere saka no. Han seier at dei amerikanske eigarane vil kome med ein uttale etter at kommunestyret har sagt sitt.