Hopp til innhold

Kommunen slit økonomisk – ordførar tok ut dobbel løn

Nyleg fekk politikarar i Hustadvika kommune vite at ordføraren fekk dobbel løn i tre månader. Dette skjer samstundes som kommunen må kutte om lag 25 millionar kroner.

Tove Henøen, ordfører i Fræna og fylkespolitiker for Senterpartiet.

ORDFØRAR: Tove Henøen er ordførar i nye Hustadvika kommune for Senterpartiet. Ho var tidlegare ordførar i Fræna.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg synest det er heilt forkasteleg at ein person skal gjere det på denne måten, seier Johnny Varhol i Hustadvika Frp.

Hustadvika er eit resultat av at Eide og Fræna kommune slo seg saman i 2020. Tidlegare ordførar i Fræna kommune, Tove Henøen (Sp), vart vald til ordførar i nye Hustadvika kommune i september i 2019.

I eit brev til formannskapet i Hustadvika kommune stiller Varhol spørsmål ved kvifor ordføraren har tatt ut dobbelt løn i oktober, november og desember i fjor, når kommunen har store økonomiske problem.

– At ein person skal styrke seg med så mykje pengar, når resten av kommunen slit økonomisk, det er ikkje rett i mine auge. Eg synest det er ein veldig dårleg måte å gjere det på, seier Varhol.

– Eg har teke imot godtgjersle for dei politiske verva eg har hatt, og forsikra meg om at det har vore i tråd med gjeldande regelverk, seier Tove Henøen til NRK.

Utover dette har ho ingen kommentar, og viser til svaret frå kommunedirektøren.

Innanfor lovverket

Også gruppeleiarane i dei andre partia i kommunestyret reagerer. I ein e-post til ordføraren og kommunedirektøren skriv Jan Arve Dyrnes (Ap), at dei vil melde frå klart og tydeleg at dei meiner dette ikkje er greit.

Kommunedirektør Per Sverre Ersvik stadfestar til NRK at Henøen fekk dobbel løn då ho fungerte som ordførar for to kommunar. Ersvik seier at det er innanfor lovverket.

– Vi fekk tilbakemelding frå fylkesmannen i Møre og Romsdal, at Henøen hadde krav på godtgjersle for begge verva ut 2019, seier Ersvik.

Henøen skal ha motteke om lag 500 000 kroner til saman for tre månader. Dette gjeld godtgjersle frå Fræna og nye Hustadvika kommune. Ho har ei årsløn på om lag ein million kroner.

Ved årsskiftet gjekk talet på kommunar i Noreg ned frå 428 til 358. NRK har vore i kontakt med Ålesund, Molde og Fjord kommune, som alle tre er eit resultat av samanslåingar. Ingen av ordførarane der har teke imot dobbelt løn for å vere ordførar i to kommunar samstundes.

– Det har aldri vore i mine tankar at eg skulle ha dobbelt godtgjersle i perioden eg sat som ordførar i gamle Molde kommune, og i den nye, seier ordførar i Molde, Torgeir Dahl.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl

MOLDE: Torgeir Dahl er ordførar i Molde kommune, som i 2020 slo seg saman med Misund og Nesset kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Må spare om lag 25 millionar

Sjølv om det er innanfor lovverket, meiner Varhol at det ikkje er rett at ho tar i mot dobbel løn.

– Moralsk sett er det dårleg uansett om ho har lov til å ta ut desse pengane eller ikkje. Det er ikkje rett i mine auge, seier Johnny Varhol i Hustadvika Frp.

Førebels ligg det an til at Hustadvika kommune må spare om lag 25 millionar kroner. Kommunedirektøren Per Sverre Ersvik seier dette kan endre seg.

Kommunestyret i Hustadvika skal ikkje ha visst om at Henøen fekk dobbel løn for denne perioden.

– Eg synest det er heilt forferdeleg at vi ikkje har blitt informert om det. At vi ikkje får vite det før alle andre, seier Varhol.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL