Hopp til innhold

Kommunen seier nei til skisporavgift

Molde kommune vil ikkje ha pengeinnkrevjing på Skaret. Skisenteret vil vurdere saka på nytt.

Skaret Skisenter

Skaret Skisenter i Molde tar har tatt betalt for at folk skal få bruke det preparerte skisporet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det har vore sterke reaksjonar på at Skaret Skisenter i Molde tar betalt for at folk skal få bruke skiløypene med kunstsnø.

Allemannsretten gjeld

I eit brev slår kommunen fast at allemannsretten gjeld for området som Skaret skisenter disponerer.

– Molde kommune gir ikkje eit generelt løyve til innkrevjing av løypeavgift ved senteret.

Det skriv ordførar Torgeir Dahl og konstituert landbrukssjef Nils Bjørn Venås.

Set stor pris på arbeidet

I brevet til Forum for Natur og Friluftsliv skriv kommunen at dei set stor pris på det arbeidet frivillige gjer på Skaret.

Kommunen finn det naturleg at brukarane av anlegget frivillig bidrar økonomisk til drift av anlegget.

Torgeir Dahl

Ordførar Torgeir Dahl og Molde kommune vil ikkje ha løypeavgift på Skaret.

Foto: Trond Vestre / NRK

Både for og mot

Den siste tida har skiløparar i Molde for første gong betalt for å gå på langrennsski ved Skaret Skisenter.

Fleire har gladeleg betalt for å få kjenne kunstsnøen under skia. Men det er ikkje alle som har vore like positive.

Til NRK Møre og Romsdal seier sekretær Sigmund Julshamn i Skaret skisenter at styret vil vurdere saka på nytt. Men dei vil halde fram med å spørje folk i løypene om dei vil støtte dei økonomisk.

Prinsipp

Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal skreiv i eit brev til Molde kommune at det er eit grunnleggande prinsipp at umotorisert ferdsel i utmark er gratis.

På parkeringsplassen har folk blitt møtt med krav om å betale 50 kroner. 25 kroner for barn. Pengane har gått til å dekke utgiftene til å lage kunstig snø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL