Hopp til innhold

Knivstikking på Moa

  • Varetektsfengsla etter knivstikking

    Ein mann som tysdag blei pågripen for knivstikking på Moa sist tysdag, er varetektsfengsla i fire veker. Mannen er også sikta for fleire andre lovbrot. Ifølge smp.no meiner retten det er fare for at mannen gjer nye lovbrot dersom han blir sett fri. To vektarar blei skadde då dei skulle stoppe mannen som dei mistenkte for tjuveri.

    Politisperring Moa
    Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
  • – Det er trygt på Moa

    – Kundane kan føle seg trygge på kjøpesentera på Moa. Det seier senterleiar for Amfi Moa i Ålesund, Anne Mari Rødal Kleppe.To vektarar blei knivstukke utanfor eit av kjøpesentera tysdag, då dei skulle prøve å stoppe ein mann i 30-åra som var mistenkt for tjuveri. Ein av vektarane blei skadd i ein fot, medan den andre fekk skader i ei hand. – Vi har veldig erfarne vektarar som jobbar her. Med den sikkerheita vi har kan alle føle seg trygge, seier Rødal Kleppe.

    Anne Mari Rødal Kleppe
    Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
  • To vektarar knivstukne

    Politiet melder om at det er to mannlege vektarar som har blitt knivstukne på eit kjøpesenter på Moa i Ålesund. Vektarane skal ha forsøkt å stoppe gjerningsmannen i samband med eit tjuveri. Den eine vektaren er ifølgje politiet stukken i ein fot og den andre i ei hand. Gjerningsmannen er ein kjenning av politiet.

  • Vektar knivstukken på Moa

    Ein vektar er knivstukken på Moa i Ålesund. Vektaren skal ha stoppa gjerningsmannen i samband med eit tjuveri. Skadeomfanget er ukjent og vektaren blir behandla av ambulansepersonell på staden.