NRK Meny
Normal

Ein mann pågripen etter knivstikking

Ein mann i 20-åra blei stukken med kniv i Kristiansund onsdag formiddag. Ei person er pågripen for åtaket, men politet utelukkar ikkje at det kan bli fleire pågripingar.

En mann i tjueårene er knivstukket i Kristiansund

Politiet på staden der éin mann blei stukken med kniv onsdag formiddag.

– Vi veit førebels ikkje kor mange gjerningsmenn det er snakk om, seier May Brit Berg, jourhavande i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Frakta til sjukehus

Klokka 09.30 onsdag formiddag blei ein mann i midten av 20-åra stukken med kniv på Nordlandet i Kristiansund. Mannen blei frakta til sjukehus.

– Mannen er ikkje livstrugande skadd, opplyser Berg til NRK like før klokka 16.

Store politistyrkar jakta lenge moglege gjerningspersonar og onsdag kveld vart ein mann pågripen, mistenkt for lekamsskading.

– Han sit no i avhøyr, så vi vil vi ta stilling til kva vi skal gjere vidare etter det, seier Berg til NRK i 19.30-tida.

– Vi ser ikkje vekk ifrå at det kan bli aktuelt med fleire pågripingar etter kvart, legg ho til.

– Har namn på blokka

Etter hendinga forsvann éin eller fleire gjerningspersonar frå staden. Ingen har blitt arrestert etter knivstikkinga, men politistyrkar er ute og leitar.

– Vi søkjer etter éin eller fleire gjerningspersonar, opplyser operasjonsleiar Tove Anita Asp til NRK.

Jourhavande Berg seier at dei har «nokre namn på blokka».

– Men vi kan ikkje gå nærare innpå karakteristikkar av dei no.

Berg seier vidare at ho heller ikkje kan kommentere kor vidt politiet er væpna, eller kor mange politifolk som er ute og leitar.

Knivstikking Kristiansund

Politiet jaktar éin eller fleire gjerningspersonar.

Foto: Roar Halten / NRK