Hopp til innhold

Knivstakk då sikringen blei skrudd ut

Ein 30-åring i Ålesund kom stadig i konflikt med naboane fordi han spelte for høg musikk til alle tider på døgnet. Då den eine naboen tok sikringane endte det i knivstikking, skriv Sunnmøre tingrett i ein dom.

Ålesund politistasjon

Sunnmøre tingrett har dømt ein 30-åring til fengsel i 15 månader.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ei augustnatt i fjor spelte 30-åringen igjen høg musikk, og vedgjekk i retten at han hadde fått fleire klager i løpet av kvelden og natta.

Då eine naboen kom heim etter ein tur på byen prøvde han også å få dempa musikken. Han prøvde å få kontakt, men då det ikkje gjekk, bestemte han seg for å skru ut sikringen hos 30-åringen.

Måtte sy

Då kom 30-åringen med ein gong ut i gangen utanfor husværa, og det blei noko knuffing mellom dei to. Etter ei tid kjente naboen at han var stukken i sida. Han fekk då ringt til politiet som straks kom til staden.

Sunnmøre Tingrett

Tingretten legg vekt på at 30-åringen vedgjekk straffskuld.

Foto: Ina-Kristin Lindin

Offeret blei sendt til sjukehus der han måtte sy eit sting.

Sunnmøre tingrett legg vekt på kva dei to har forklart, og at 30-åringen har vedgått straffskuld. I domen blir det peikt på at 30-åringen måtte forstå kor alvorleg det kunne vere å bruke kniv mot mageregionen.

Vil ta straffa

Også i januar trua 30-åringen naboen med å «stikke han skikkeleg», dersom han klaga på musikken igjen.

30-åringen er tidlegare straffa fleire gongar før, mellom anna for vald og truslar. No er han underlagt tvungen psykisk helsevern. Med i domen er også ei rekke andre forhold, mellom anna ulike narkotikalovbrot.

I domspapira går det fram at 30-åringen ønskjer å ta straffa si og bli ferdig med saka. Domen er fengsel i eit år og tre månader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL