Hopp til innhold

Krev full stans på Haramsøya

Fylkesordførar Tove Liste Torve krev umiddelbart stans av vindkraftutbygginga på Haramsøya, skriv Sunnmørsposten. – Eg ønskjer å få med meg fylkesutvalet på å krevje full stopp fram til saka har blitt behandla i rettssystemet, seier ho. Torve meiner det er eit demokratisk problem at det er gitt dispensasjon for å bygge større enn det befolkninga vart førespegla. Til avisa seier utbyggar Zephyr at dei meiner at Torve kjem med feilaktige påstandar og at det i den opphavlege konsesjonen var gitt løyve på inntil 16 turbinar med totalhøgde på inntil 150 meter.