Hopp til innhold

Klimaks for AaFK i Europaligaen

Etter snart åtte kampar i kvalifiseringa til Europaligaen, er det klart for eit førebels klimaks når AaFK og AZ Alkmaar frå Nederland barkar saman klokka 20.45 i kveld.

AaFK-supporterar i Amsterdam

AaFK-supporterar nyt sola i Amsterdam

Foto: Arne Flatin / NRK

Kjell Slinning

Marknadssjef i AaFK, Kjell Slinning. seier at klubben uansett resultat har fått verdifull erfaring i ligakampane.

Foto: Arne Flatin / NRK

Marknadssjef i AaFK, Kjell Slinning har med seg nokre få samarbeidspartnarar på den organiserte turen frå Ålesund til Alkmaar, men til saman reknar han med rundt 100 AaFK supporterar på plass på AFAS stadion i kveld. Nokre av dei slappa av i solskinet i Amsterdam sentrum i føremiddag.

Stadion ligg ca 40 minutt med tog eller bil nord for Amsterdam i byen Alkmaar. Det er eit flott anlegg med plass til rundt 17 000 tilskodarar.

Verdifull erfaring

AaFK sitt europaeventyr kan vere over seint i kveld, eller det kan gå over i ei ny og spennande fase, med mange fleire kampar i gruppespelet.

– Uansett har klubben hausta verdifull erfaring på mange plan, seier Slinning til NRK.

Han trur også at fire kampar har tæra på ressursane til fansen. Viss ikkje hadde det nok vore langt fleire enn 100 i kveld, trur han. Turar til Wales, Ungarn, Sverige og no Nederland kostar flesk for den som vil følgje laget sitt.

– No kan det verte endå fleire turar i Europa, men då må siste hinder forserast i kveld.

Slinning og dei andre i oransje kryssar fingrane, og trur på uavgjort i kveld. Eit resultat som vil vere meir enn godt nok.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL