Hopp til innhold

Kleven-tilsette får løn

Det vil no bli utbetalt løn til alle tilsette på Kleven som ikkje har fått løn sidan mai, opplyser bustyrar Bjørn Åge Hamre.
Lønskravet er hurtigbehandla i samarbeid med Nav, som gjorde vedtak tysdag ettermiddag. Bankane bidreg også med ei forskottering. Det står framleis att arbeid før det blir semje om vidare drift, men Bjørn Åge Hamre håper at folk blir meir motiverte til å jobbe fram til situasjonen er avklart, no når dei får løn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL