NRK Meny
Normal

Heile året kler Gitte seg i nasjonalfargar

Den nye hobbyen til Gitte Gjersdal er å kle seg i fargane til land som har nasjonaldag. Ho har hundrevis av klesskift føre seg.

Gitte Gjersdal

I dag er det Malawi som har nasjonaldag og difor kler Gitte seg i raudt, grønt og svart.

Foto: privat

Gitte Gjersdal

Her frå Venezuelas nasjonaldag

Foto: privat
Gitte Gjersdal

Nasjonaldagen til Djibouti vart markert med dette antrekket.

Foto: privat
Gitte Gjersdal

Også Komorane har nasjonaldag i dag og dermed vart treningsantrekket svært fargerikt.

Foto: privat
Gitte Gjersdal

30. juni hadde Kongo frigjeringsdag.

Foto: privat

Det heile starta i kantina på jobben til Gitte Gjersdal frå Austefjord i Volda. Ho bur i Oslo og rundt lunsjbordet vart det kommentert at ein kollega hadde på seg flaggfargane til eit land.

– Då kom ideen om å heidre landa som har nasjonaldag, ved å bruke fargane i flagget, ler tobarnsmora. Ho starta 18. juni og hittil har det blitt fire klesbyte på ein dag på det meste. Bileta postar ho på Instagram og Facebook.

Kan ikkje kjøpe nytt

Også ein kollega heiv seg på utfordringa og no skal kvinnene halde på eit heilt år. Regelen er at det ikkje er lov å kjøpe seg nye klede for å få det til å passe med flagga. Målet er at fargenyansane skal vere mest mogleg likt flagget dei representerer.

For Gitte har det vore vanskeleg med gult. Den fargen har ho lite av i klesskapet, men ho vart berga då ho fekk arve ein gul kjole. Ho har også laga perlesmykke i gult. I dag, søndag, har både Komorane og Malawi nasjonaldag.

– Eg har trena i Komorane sine fargar som er kvitt, grønt, blått, gult og raudt. Etterpå skifta eg til Malawi sine fargar, seier Gitte. Seinare i dag skal ho ha på seg Litauen sine fargar.

Lære om landet

Dei dagane ingen land har nasjonaldag, kallar ho flaggfri dag. Då står ho fritt til å ta på seg dei kleda ho vil.

Kvar kveld brukar ho litt tid på å lese seg opp om neste dags nasjonaldagar. Målet er å lære litt om kvart land. På Instagram legg ho ut litt informasjon om landet og det skal helst vere noko anna enn elende, seier ho. Ho har ikkje tal på kor mange klesskift det vil bli i løpet av året. Nokre land har fleire nasjonaldagar også.

– Eg kler meg opp berre på den eine dagen. Elles blir det altfor mykje, fortel Gitte.

Kan bli flaue fargekombinasjonar

Ho har fått mange positive reaksjonar frå folk rundt henne.

– Eg er glad for at folk veit kva prosjektet handlar om, slik at dei forstår kvifor eg har så underlege fargekombinasjonar, ler Gitte Gjersdal. Enkelte dagar har det vore flaut også. Blant anna var nasjonaldagen til Mosambik eit virvar av fargar.

– Eg trur det kjem til å bli flauare utover året. Alt er enklare når det er sommar og kroppen har litt brunfarge. I november kan det bli verre med enkelte fargar, seier ho.

Når ho kjem heim på ferie på Sunnmøre i sommar, skal ho rett inn i skapet til mora for å finne fargerike klede. Ho håper at fleire vil hive seg på prosjektet.