NRK Meny

Klart for produksjon på Fiskåholmen

Stryvo Group AS i Stryn har inngått kontrakt med det svenske bølgekraftselskapet Waves4power om produksjon av bølgjekraftanlegg. Produksjonen vil skje på Fiskåholmen i Vanylven og skal starte våren 2018. Det ligg allereie ei bøye på Runde som produserer kraft. Dagleg leiar i Stryvo Group, Jostein Bøe, seier dei byrjar i det små med å produsere ei bølgjekraftbøye først, men det kan bli over 20 arbeidsplassar på sikt viss bøyene blir vellukka.

Bølgjekraftbøye på Runde
Foto: Waves4Power