Hopp til innhold

Toppe etter auke i brannar i barnevernet: – Eg er litt sjokkert sjølv

Etter rekordåret 2021 var bestillinga klar. Staten måtte hindre nye brannar på barnevernsinstitusjonane. Men barna held fram med å tenne på.

Brann på Stjørdal ungdomssenter 7. desember 2021

BRANN: Barnevernsinstitusjonen i Stjørdal vart totalskadd etter brannen i 2021. Det var ein av bebuarane som tente på bygget.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

I 2021 brann det i snitt nesten ein gong i veka på norske barnevernsinstitusjonar, viser tal frå Bufdir. Det var barna sjølv som budde der som ofte var årsaka til brannen.

NRK har fortald historia til «Markus», som sjølv valde å sette fyr på institusjonen han budde på.

Markus hadde flytta mellom 10 ulike barnevernsinstitusjonar i 2021. Då han fekk beskjed om at heimreisa var avlyst, sette han fyr på senga si i sinne.

Brannen eskalerte fort, og heile bygget vart totalskadd. Det enda med at 17-åringen måtte møte i retten for det han hadde gjort.

Utbrent rom frå brann i barnevernsintitusjon i Stjørdal.

Slik såg soverommet til Markus ut etter brannen på Stjørdal den 7. desember i 2021.

Foto: Politiet

– Tragisk utvikling

På grunn av den kraftige auken i brannar, vart det sett ned eit utval som skulle sjå på kva ein kunne gjere for å stoppe brannane.

Dette anbefalte dei.

Tiltak med umiddelbar verknad

  • Kvar dag skal institusjonane vurdere risikoen for brannfare.
  • Sikre retningslinjene for brannsikkerheit og opplæring rundt brannsikkerheit.
  • Få inn betre rutine på å registrere brannene i systemet til barnevernet. Slik dei har betre kontroll på kor mykje det brenn.

Prioriterte tiltak for 2022

  • Kjøpe inn brannhemmande materiale til institusjonane. Desse materiala er dyner, puter, madrasser, sengetøy, gardiner og handdukar.
  • Ha vakne nattevakter på institusjonane.
  • Utvikle registreringssystemet barnevernet brukar.
  • Etablere eit brannsikkerheitsteam i Bufdir.
  • Knytte eit formelt samarbeid med Kripos og DSB.

Prioriterte tiltak på lengre sikt

  • Utvikle nye standarar til nye institusjonsbygg.
  • Vurdere eit eigna system som sikrer forsvarlig
    ivaretakelse av brannsikkerhet i barnevernsinstitusjoner.
  • Sjå på korleis tiltaka som vart gjort i 2022 fungerer mot brann på barnevernsinstitusjonar

Kjelde: "Sluttrapport arbeidsgruppe brannsikkerhet i barnevernsinstitusjon" (Bufdir).

Barne- og familieminister Kjersti Toppe omtala utviklinga som «gale på alle moglege måtar». Ho lova at ho skulle følgje opp dette personleg.

Men 2022 har slått alle rekordar. Talet på brannar aukar dramatisk.

Det er alvorleg meiner Toppe.

Ja, det er ei tragisk utvikling, og det bekymrar meg veldig, eg er litt sjokkert sjølv over at det er såpass mange.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Barne- og familieminister Kjersti Toppe seier at det er alvorleg at talet på brannar held fram med å auke.

Foto: Morten Waagø / Morten Waagø

Vil rydde opp

Toppe peiker mellom anna på at nokre av tiltaka som vart sett inn i 2022 ikkje har fått virke så lenge. Men ho er tydleg på at dette er noko dei må gå endå grundigare inn i.

Vi må gå inn å sjå på dette, vi må høyre med ungane, vi må høyre med dei tilsette, slik at vi veit meir om årsaka til at det har blitt så mange eldspåsettingar.

Barneombodet meiner hjelpa må komme tidlegare til barna som bur på institusjon.

– At ein med ein gong dei kjem inn under offentleg omsorg får tidleg kartlagt kva det er dei strevar med, og at ein tidleg får sett inn målretta og trygg hjelp, seier barneombod, Inga Bejer Engh.

Barne- og familieministeren er einig, ho seier det skal vere trygt å bu på ein barnevernsinstitusjon, og er ærleg på at det er utfordringar med å få gi god nok hjelp til barn som bur på institusjon.

Men det er mitt ansvar å rydde opp. Og å få til betre kvalitet og tryggleik og på barnevernsinstitusjonar, seier Toppe.

Les også Markus (17) brente ned barnevernsbygget – et rop om hjelp, mener advokaten

Snap viser hva som skjedde rett før barnevernsbygget på Stjørdal brant ned

Skal sjå på barnevernet med nye auge

Og noko av det Toppe har gjort er å sette ned eit nytt utval. Dei skal sjå med nye auge på korleis institusjonsbarnevernet fungerer i dag.

Dei skal mellom anna sjå på korleis barnevernet samarbeider med andre tenester.

Det er ikkje berre barnevernet aleine som kan gjere noko med dette. Her er ein veldig avhengig av at det er mange som bidreg, og mange som stiller opp, seier leiar for utvalet, Erik Stene.

Erik Stene

Erik Stene seier dei også har oppretta eit eige ungdomsutval, som består av ungdommar som bur eller har budd på institusjon i barnevernet.

Foto: Morten Waagø / NRK

Dei er blant anna ute å besøker barn som bur på institusjonar. I tillegg har dei så langt fått over 250 innspel frå meir enn 50 ulike aktørar og organisasjonar.

Ungdommar som bur på institusjon i dag opplever ofte alt for mange flyttingar. I tillegg, som Stene peiker på, har desse ungdommane med seg mykje ballast, som dei treng hjelp til å handtere.

Så hjelper det ikkje å vete veldig mykje, om du ikkje får gjort noko med det. Og det er akkurat det vi som utval no skal komme opp med. Kva er det vi gjer i framtida slik at dette blir best mogleg for dei ungane og ungdommane og dei nærmaste som er råka av dette.

Utvalet skal vere ferdig med sitt arbeid til oktober i 2023.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest, eller vil komme med innspill?

NRK har laget flere saker om barnevern den siste tiden, og setter pris på dine tilbakemeldinger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL