Hopp til innhold

Lyst på di eiga øy?

Sommaren er høgsesong for sal av fritidseigedomar ved sjøen. På Nordmøre ligg to heilt spesielle objekt ute for sal.

Eldhusøy

Denne øya kan bli di: Eldhusøya ved Atlanterhavsvegen på Nordmøre er til sals med sine 80 mål.

Foto: Bjørn Ove Angvik

Svevende sti rundt Eldhusøya

Eldhusøya har utsikt mot den kjende attraksjonen Atlanterhavsvegen. Fredag 4. juli vert øya ein attraksjon i seg sjølv når Statens vegvesen har opning av ein nybygd «svevande sti» langs øya.

Foto: Statens vegvesen/Montasje

– Strandlinje rundt det heile. Fleire holmar og skjær utover. Ein unik fritidseigedom!

Meklar Heidi Knutsen i Kristiansund bustadbyggjelag har aldri sitt liv selt ei øy før, men meiner at ho har nok av gode argument for å selje Eldhusøya ved Atlanterhavsvegen i Averøy.

– Dette er spesielt. Det er ikkje ofte at slike eigedomar er til sals og spesielt ikkje midt ute på Atlanterhavsvegen, seier Knutsen.

Utan vatn eller kloakk

Kunna

Øya Kunna på Tustna i Aure vart selt etter få veker for knappe to millionar kroner. Eigedommen på 160 mål inkluderer ei hytte, ei brygge og eit naust.

Foto: Meglerhuset Nylander

Eigedomen frå 1750 er ute for sal med ei prisforslag på 2 890 000 kroner. Det går veg til øya, så ein treng ikkje båt for å kome seg dit. På den andre sida er det verken innlagt vatn, kloakk eller straum. Det har ikkje budd folk på øya fast sidan 1964 og kommunen har lagt restriksjonar for bygging på eigedomen.

Likevel trur ikkje Knutsen at øya er vanskeleg å selje. Det er trass alt ikkje like vanleg å selje øyer på Nordmøre som andre stader i landet.

– Når eigedomen er unik som dette, er det meir attraktivt enn dei det finst mange av, meiner Knutsen.

Nisjemarknad

Vågbøøya

Vågbøøya i Tingvoll kan bli di for 5,4 millionar kroner.

Foto: Eiendomsmegler1

Også i Tingvoll ligg ei øy ute for sal. Vågbøøya til 5,4 millionar har vore på marknaden heilt sidan i fjor sommar. Sjølv om det dei siste åra har blitt vanskelegare å selje fritidseigendommar, finst det også ein optimist i Marius Mellemseter Nes i Eigedomsmegler 1.

– Vi søkjer her nisjekjøparar og ikkje dei breie massane. Då kan den personen kome i morgon eller neste sommar. Øya er såpass dyr og såpass spesiell at ein kan ikkje forvente sal over natta, seier han.

– Mindre populært enn før

Hytte i strandkanten

Meklar Tore Solberg i Z-eiendom i Tønsberg seier øyer ikkje er like populære som fritidseigedommar som før.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Tore Solberg har kjerneområdet sitt i Tønsberg og jobbar berre med sal av fritidseigedommar. Med god kjennskap til marknaden seier han at folk ikkje er så gira på kjøpe øyer lenger.

– Det er først og fremst kona i huset som er skeptisk til slike kjøp. Dei vil heller ha eigedommar på fastlandet, hevdar han.

Ifølge Solberg vil folk helst ha det akkurat slik som heime med dusj, do og bilveg heilt fram.

– Det skal vere høg standard. Tida for å bere vatn og ved på hytta er heilt over, konstaterer han.

– Det hjelper altså ikkje at omgjevnadene er idylliske?

– Det hjelper, men det er ikkje det som står øvst på ønskelista til yngre kjøparar. No er det andre kriterium som gjeld. Utan gode fasilitetar må ein gå ned i ei langt lågare prisklasse, seier han.

Betring i salet

Randi Hollingen, som sit i styret i Norges Eiemdomsmeglerforbund seier at dei ser ei betring i salet av fritidseigedomar. Torsdag melder blant anna Dagens Næringsliv at øya Gaupholmen i Lillesand, Noregs dyraste fritidseigedom, har blitt selt etter å ha vore på marknaden i lang tid.

– Vi har merka at det har losna noko no, men det vil framleis ta litt tid. Vi har kjøparar, men dei sonderer terrenget godt før dei slår til og kjøper.

– Kor lett er det å selje ei øy?

– Alt er avhengig av pris der også, men vi ser at eigendommar med strandlinje alltid er veldig populært, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL