Kjempar for å få farleg avfall til Nesset

Kampen om kvar farleg avfall skal lagrast i Noreg i framtida drøyer, uten at myndigheitene har tatt ei avgjerd. Fjellhallar i Nesset er eitt av dei to alternativa som står att.

Avfallsdeponi i Rausand

I dette fjellet vil Bergmesteren Raudsand bygge eit nasjonalt deponi for farleg avfall.

Foto: Bergmesteren Raudsand

Selskapet Noah sitt anlegg på Langøya i Oslo-fjorden er snart fullt og Noah kjempar for å få til eit nytt deponi i Brevik, men møter sterk lokal motstand. Sterk motstand har det ikkje vore i Nesset, som håper eit nasjonalt deponi kan plasserast i fjellhallar i Rausand ved Sunndalsfjorden.

– Vi meiner at plasseringa av deponiet er langt betre å ha på Rausand. Det ligg langt unna folk, vi har eit designa deponi for avfall og vi er i ferd med å designe eit anlegg for å gjenvinne ein del av avfallet, seier Harald Storvik i Bergmesteren Raudsand.

Må ha rask avklaring

Noah er ein viktig aktør og ein stor konkurrent for Bergmesteren Raudsand, men Storvik meiner at det er klare fordelar med å velje Nesset framfor Brevik, blant anna når det gjeld transport.

– Det er betre å frakte avfallet på 20 båtar langs kysten enn med 3000 lastebilar i året som skal frå Sverige via Oslo-gryta til Brevik.

Harald Storvik og Rolf Jonas Hurlen

Harald Storvik i Bergmesteren Raudsand og Nesset-ordfører Rolf Jonas Hurlen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Nettopp planane om å frakte avfallet kystvegen, får Miljøpartiet de grønne i Møre og Romsdal til å sjå raudt. Dei vil på det sterkaste åtvare mot det dei omtalar som hasardiøs transport av farleg avfall.

– Eit uhell under transport eller omlasting kan få vidtrekkande miljøskadar på fiskeressursar og gyteområde, skriv dei i ein uttale,

– Viktig politisk signal

Nesset kommune er derimot svært positive til planane og har jobba for å få eit nasjonalt deponi for farleg avfall i fleire år.

– Vi er eit samstemt kommunestyre som seier at dette er noko vi ønskjer å gå for, seier ordførar Rolf Jonas Hurlen (H).

– Staten har eit ansvar for å få ei avklaring raskast mogleg. Deponiet på Langøya blir fullt etter kvart og då må det vere eit alternativ på plass.

Også politikarane på Mørebenken vil kjempe for at det nye nasjonale anlegget for farlig avfall skal ligge i Nesset. Det ga dei klar melding om då dei møtte næringslivet i Romsdal i dialogmøte i går.

– Vi har følt at vi har hatt Mørebenken med oss heile tida, men det å få ein felles tverrpolitisk uttale sender eit ekstremt viktig signal.

– Vi oppfyller alle krav

Undersøkjingane i fjellet ved Rausand er godt i gang. Bergmesteren Raudsand har nemleg ikkje planar om å bruke dei gamle gruvene.

– Vi skal inn i jomfrueleg fjell. Undersøkjingane viser at dette er veldig bra fjell til å lagre denne typen avfall i, så vi føler oss meir og meir sikre på at vi oppfyller alle krav som departementet har stilt.

Mørebenken på dialogmøte med næringslivet i Molde

Representantene fra Mørebenken ga full støtte til planene om deponi i Nesset på dialogmøtet med næringslivet i Molderegionen torsdag.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK