Hopp til innhold

KHK med knusande bortesiger

Kristiansund sine handballherrar er godt med i opprykkskampen i 1. divisjon, etter solide 43–20 over Bjørnar.

KHK

KHK kjempar framleis i toppen av 1. divisjon. Åtte kampar står igjen for Kristiansund, mellom anna to svært tøffe bortekampar.

Foto: Roar Halten / NRK

– Gutta spelte ein kanonkamp i dag, slo KHK-trenar Gunnar Magnusson fast etter bortesigeren.

Sigeren var langt frå overraskande, for motstandar Bjørnar hadde tapt 15 av 15 kampar før møtet med Kristiansund.

43–20 over Bjørnar, frå Bergen, blei Kristiansund sin siger nummer 10 i årets sesong.

Gunnar Magnusson

KHK-trenar Gunnar Magnusson var fornøgd etter 43–20 over Bjørnar.

Foto: Roar Halten / NRK

Herja i andre omgang

KHK låg under 5–2 tidleg, men henta seg raskt inn. Til pause stod det 16–9 i favør Kristiansund.

I andre omgang blei forskjellen på dei to laga mykje tydelegare. Heile 27 nettkjenningar, mot skarve 11 til Bjørnar.

Kampen enda altså 43–20.

– Alt er ope

I augneblinken har Kristiansund spelt færrast kampar av alle laga i 1. divisjon.

Etter 14 kampar har Kristiansund 20 poeng, fem bak serieleiar Stord Elite.

– Alt er ope akkurat no, og moglegheitene for i alle fall andreplass er til stades, seier trenar Magnusson.

Første- og andreplass er direkte opprykk, medan tredjeplassen skal spele kvalik.

– Det blir knalltøft, heilt klart. Vi kan ikkje tape mange poeng.

Til saman skal Kristiansund spele 22 kampar.

Svært tøffe bortekampar

Trenaren meiner nokre av nøkkelkampane blir spelt på bortebane.

– Det blir mange jamne kampar i resten av sesongen. Men vi skal spele to tøffe kampar borte, mot Stord og Halden.

Laga som kjempar i toppen er Stord Elite, Falk-Horten, HK Herulf Moss, Halden Topphåndball, Fjellhammer og Kristiansund.

– Vi har eit mål om topp to, men mange lag gjer det same. Vi går for opprykk, men det blir veldig jamt, avsluttar Magnusson.

Målscorarar mot Bjørnar borte:

Per Christian Værnes 9, Gabriel de Santis 8, Sigurgeir Ægisson 7, Ola Heggem 6, Kjetil Gimnes 5, Jonatan Magnusson 5, Christoffer Svensson 3.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL