Eit sommarminne
(Tekst: Asbjørn Gjærde; Mel: Hartvig Kiran)
Ein kval, og berre ein
Stemde inn mot land ein solvarm sommardag
Kom åleine, søkte mange andres lag
Ein kval, og berre ein
Ein kval, og ingen fleir
Gjorde Skålvikfjorden til sitt paradis
Tok mot folk på gode snille kvalars vis
Ein kval, og ingen fleir
Ein kval, og einast ein
Skapte liv og røre i den ganske verd
Takka vere pressa, TV helst i sær
Ein kval, og einast den
Keiko, hallo-hallo
Høyr vår felles bøn frå alle her i nord
Du må bli på Møre, gje oss no ditt ord
Keiko, hallo-hallo