Hopp til innhold

Katten Varg overlevde to veker innbygd under kjøleskapet: – Godt gjort

Toril Lindin hadde gitt opp håpet om å finne att katten sin Varg i live. Etter to veker høyrde ho mjauing frå kjøleskapet.

Katten Varg.

VILLKATT: Toril Lindin fekk Varg gjennom organisasjonen Kellys håp i Ålesund. Ho vil rose dyreverngruppa for arbeidet dei gjer.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

For eit år sidan såg Toril Lindin ein annonse om villkatten Varg. Ho hadde akkurat fått seg ein hund, og tenkte at denne katten kunne vere eit fint selskap for hunden.

I byrjinga av august kjøpte Lindin seg eit nytt kjøleskap. Då kom to personar til leilegheita for å hente det gamle, og montere det nye.

Lindin er vand med at den tidlegare villkatten er sky og kan gøyme seg unna. Men eit par dagar etter at det nye kjøleskapet hadde kome på plass, merka ho at kattematen ikkje vart eten av. Det var heller ingen bæsj i kattesanden. Då byrja ho å leite etter Varg.

Katten Varg i Ålesund.

Dette var det siste bilde som vart tatt av katten før den forsvann.

Foto: Privat

– Eg snakka med Kellys håp og vi kom fram til at katten må ha stukke av då dei monterte det nye kjøleskapet, fortel Lindin.

Kellys håp er ei gruppe som hjelper folk i Ålesund med å finne dyr som dei saknar. Saman med dyrevenane sette dei opp ei kattefelle, i håp om at Varg skulle komme heim att.

Men etter kvart mista Lindin håpet, og trudde ho måtte sjå katten tapt.

– Trudde eg høyrde stemmer i hovudet

Heilt til ein kveld då ho sto å vaska opp på kjøkkenet, så høyrde ho plutseleg mjauing.

– Eg trudde eg høyrde stemmer i hovudet mitt, for katten min brukte ikkje å mjaue, forklarar Lindin.

Ho gjekk ut på altanen for å sjekke om det var nabokatten som laga lyd, men det var det ikkje.

Men rett før ho skulle legge seg, høyrde ho mjauinga på nytt. Denne gongen skjønte ho at det ikkje berre var i hovudet.

Under dette kjøleskapet ble Varg til slutt funnet.

Under dette kjøleskapet blei Varg til slutt funnet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg bøygde meg ned og fjerna planken framføre kjøleskapet, så la eg fram litt kattemat, og der kom katten ut, seier ho.

Katten hadde då vore vekke i over to veker.

– Eg forstod ingenting. Eg tenkte, er det mogleg at han kan ha levd der så lenge, seier Lindin.

Katten Varg kjem ut i dagslys etter to veker.

Her ser du katten Varg som kjem ut av kjøkkeninnreiinga etter å ha vore der i over to veker.

– Godt gjort

Katten har truleg hamna inn under kjøleskapet då det blei bytta og stengd inne då planken framfor kjøleskapet blei lagt på plass.

Ifølge veterinær Ellef Blakstad, er det godt gjort at katten overlevde så lenge.

– Dei kan overleve utan mat så lenge, men mangel på vatn er meir kritisk. Kanskje har katten fått i seg vatn på andre måtar, eventuelt kondensvatn frå kjøleskapet, seier Blakstad, som er fagsjef i Veterinærforeningen.

Ellef Blakstad

Ellef Blakstad

Foto: Privat

Han har eit tips til andre dyreigarar.

– I dette tilfellet gjekk det bra, men det er ei nyttig påminning om dyreeigars ansvar for å ha kontroll på kvar dyret oppheld seg så godt det let seg gjere, seier Blakstad.

No seier Lindin at den tidlegare villkatten har dei heilt fint, sjølv om han enno ikkje liker å bli klappa.

– Eg prøver heile tida. Eg gir ikkje opp håpet om å få ein kosekatt, seier den no lukkelege katteeigaren.

Katten Varg.

Det blei ein lykkeleg slutt for Varg og eigaren.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

LES OGSÅ:

Les også Fant merkelig dyr: – Jeg trodde først det var en dukke

Mange har stusset over om det kan være en albino-grevling eller en jerveunge.

Les også Musa som ville målbinde katten

Katt og mus i diskusjon

Les også Varm velkomst for katt som rømte til Island

Pus hjemme i Ålesund etter å ha vært på Island.