Hopp til innhold

Kapasitetproblem på ferjesamband

Det har vore køtilstandar på ferjesambandet Halsa - Kanestraum i ettermiddag og kveld, men situasjonen begynner å løyse seg no. Ventetida har vore oppe i rundt éin time. Årsaka er at det har oppstått tekniske problem på ei ferje, i tillegg til at det er vedlikehald på Kanestraum ferjekai. – I morgon vil det ikkje bli noko problem, seier operativ leiar i Fjord1, Bjørn Arild Sekkenes.

Bjørn Arild Sekkenes
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL