(Illustrasjonsfoto)
På det meste var det 18 innlagde på avdelinga som normalt har plass til 14. I følgje avdelingssjukepleiar Kari Sørland har sjukehuset likevel greidd å gje pasientane den medisinske behandlinga dei har hatt behov for.
Uhaldbar situasjon
Harald Torseth er far til tre månader gamle Ingeborg Hanna som har vore innlagt sidan byrjinga av februar. Han seier plassmangelen fører til ein uhaldbar situasjon for foreldra. - Avdelinga må byggast ut, så snart som muleg, seier han.
Ny avdeling
Ove Økland er sjef for barneavdelinga ved Ålesund sjukehus. Han seier at plassmangel og overbelegg lenge har vore eit problem ved avdelinga. Dei siste 4-5 åra har det toppa seg ved avdelinga to gonger i året. Det spesielle no er at denne toppen har vart sidan nyttår.
Helsetilsynet har pålagt Helse Sunnmøre å vurdere ei utbygging av avdelinga. Økland håpar at ei ny barneavdeling kan vere i sving i løpet av 2006 og at ei ny avdeling for dei for tidleg fødde kan vere klar i løpet av same år eller året etter.