Hopp til innhold

Alle ville vere prinsesser i teaterstykket

Laurdag er det premiere på forestillinga «Kaos på slottet» i Pinsekyrkja i Ålesund. Lea Farstad Thoresen er ei av fem prinsesser og gler seg veldig.

Kaos på slottet

Laurdag er det premiere på teaterstykket «Kaos på slottet» i pinsekyrkja i Ålesund.

Foto: Lilly Foto

Lea er 12 år i dag, og har fullt program. I ettermiddag er det generalprøve på framsyninga "Kaos på slottet" og etterpå er det selskap. Skodespelarane som er med i teaterstykket er i alderen 8-19 år og alle har spesielle behov.

– Det er veldig fint å vere prinsesse. Eg dansar «Baby, baby», og det er bra fordi eg likar Justin Bieber, fortel Lea. Ho skal ha på seg krone på hovudet og flott kjole. Kostyma har dei fått lånt frå Teatret Vårt i Molde og Jugendteateret i Ålesund.

Lea Farstad Thoresen

Lea Farstad Thoresen er ein av skodespelarane i teaterstykket. Ho skal vere prinsesse

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Alle ville vere prinsesse

«Kaos på slottet» er eit avlastningstilbod i regi av Ålesund kommune og Virksomhet Bo- og miljøtenester. Sidan januar har dei hatt øvingar kvar veke. Thor Ivar Forsland har regi på teaterstykket. Då han fekk oppdraget med å hjelpe gjengen, var hans første ide å sette opp teaterstykket om prinsessen som ingen kunne målbinde.

– Eg oppdaga at alle jentene ville vere prinsesser, så vi gjorde ein vri, ler Forsland. I tillegg til prinsesser, er det også konge, dronning og andre som jobbar på slottet.

Alt kan skje

Forsland er svært spent på korleis generalprøva skal gå. Vanligvis kan mykje skje under ei teateroppsetting, og med denne gjengen veit ein aldri kven som kan finne på noko.

– Det er veldig artig, for vi veit ikkje heilt korleis det går. Det er endå meir spanande enn vanleg teater, seier Forsland.

Han skryt av humøret, gleden og dei fantastiske replikkane barna har. Ingen prøver å vere nokon andre enn seg sjølv.

Kaos på slottet

Ragnhild Hanken Sjong, Thor Ivar Forsland, Lise Ødegård Pettersen og Lea Farstad Thoresen gler seg til framsyninga laurdag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Unikt teaterstykke

Lise Ødegård Pettersen er aktivitetsleiar i Ålesund kommune og er prosjektleiar for teatergruppa. Ho er stolt av å presentere ein halvtime med teater frå gjengen.

– Forestillinga er heilt unik. Vi har aldri sett opp teaterstykke for barn med spesielle behov nokon gong, seier Ødegård Pettersen.

Set pris på tilbodet

Ragnhild Hanken Sjong er mor til ein av skodespelarane.

– Dette er barn og ungdom som fell utanfor mykje av dei vanlege aktivitetane. Det at kommunen gir denne målgruppa eit tilbod, er kjempebra, seier Hanken Skjong. Som foreldre set ho stor pris på tiltaket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL