Hopp til innhold

Kan velje skule kvar som helst

Det skal bli lettare for 16-åringane å velje vidaregåande skule utanfor eige fylke. Det opnar eit knapt fleirtal i fylkesutvalet for.

Ulstein vidaregåande skule

16-åringane kan velje vekk Ulstein viss dei heller vil gå vidaregåande skule i eit anna fylke.

Foto: Arne Flatin / nrk

Det er Kunnskapsdepartementet som har foreslått eit friare skuleval på tvers av fylkesgrensene, og sendt saka ut på høyring.

Ja til opne grenser

Frank Sve

Frank Sve, Frp, høyrde til fleirtalet i fylkesutvalet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gruppeleiaren for Framstegspartiet, Frank Sve, røysta for opne grenser. Han synest det er meiningslaust at fylkesgrensene står i vegen for dei vala som elevane ønskjer å gjere.

– Det første ungdomane møter når dei skal nå sine draumar kan ikkje vere eit fylkeskommunalt byråkrati eller fylkeskommunale grenser. Når tilbod i til dømes idrett, musikk eller kultur ikkje er på våre skular, så må ungdomane kunne velje si spesielle utdanning i nabofylket eller kvar det måtte vere, seier Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL