Hopp til innhold

Kan tape millionar

Makrellfiskarane er utestengde frå EU-sona.

Makrell i kasse

mange båtar frå Møre og Romsdal er berørte av fiskestoppen i EU-sona.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

EU-kommisjonen har stoppa det norske fisket etter makrell i EU-sona. Det er usemje mellom norske styresmakter og kommisjonen rundt avtalen om fisket i dette området.

Les også:

Fiskarar og fiskebåtreiarar kan tape fleire hundre millionar kroner dersom avgjerda ikkje blir gjort om.

Dagleg leiar i Møre og Romsdal fiskarlag, Ole Morten Sorthe, forstår lite av det som skjer. Reaksjonane blant fiskarane er sterke:

- Vi meiner Noreg har att kvote på makrell i EU-sona. Mange båtar er berørte av det som no skjer, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Norske styresmakter har tatt kontakt med EU, og det skal vere eit møte om saka i London på måndag.