Kan spare 10 millionar

Badeanlegget på Ulstein Arena kan bli godkjent som opplevingssenter, noko som vil gi Ulstein kommune ein gevinst på om lag 10 millionar kroner. I dag er Ulsteinbadet godkjent som symjehall, men dersom det vert installert to badestampar ute, ei ekstra sklie og fontener i barnebassenget, kan det bli godkjent som opplevingssenter, skriv Ulstein kommune på sine nettsider.