Hopp til innhold

Kan permittere med to dagars varsel

Flyforbodet gjer at delar og personell ikkje kjem fram.

Stans i flytrafikken gjer at for eksempel sjøfolk har vanskar med å kome seg til og frå arbeid.

Sit fast i Singapore

Ein av dei som står fast er administrerande direktør i Farstad Shipping, Karl Johan Bakken. Fredag ettermiddag var han i Singapore.

– Eg var gjennom Singapore på veg heim etter ein 14 dagars tur. Det hadde vore greitt å kome seg heim att, men til no går det mest ut over komforten og lite ut over forretninga, seier Bakken.

Ei gruppe frå reiarlaget Farstad Shipping i Ålesund står fast i Singapore. Dei skulle gjerne ha vore heime i helga.

Kan bli vanskeleg å skifte mannskap

Til no har ikkje flystansen fått store konsekvensar for reiarlaget, men når dei skal skifte mannskap i brasil kan det bli verre om flyforbodet varer lenge. Og det vil administrerande direktør Karl Johan Bakken helst sleppe¨å tenke på.

– Det skaper ein unormal situasjon på ein eller annan måte må løysast. Det å skifte mannskap i andre stader enn i nært farvatn vil bli veldig vanskeleg. Vi håper at situasjonen på litt sikt vil normalisere seg, seier Bakken.

Delar og mannskap kjem ikkje fram

No kan bedrifter permittere tilsette på på kortare varsel enn normalt, seier Torhild Ytreberg i NHO.

– Eg trur flyforbodet blir langvarig før bedriftene må permittere, seier Ytreberg.

At personar står fast er ein ting, verre er det for mange at delar ikkje kjem fram dit dei skal.

– Servicenivået er ikkje mogleg å halde no når situasjonen er slik den er. Vi håper at dette ikkje blir så langvari slik at det ikkje får økonomiske konsekvensar, seier Ytreberg.