Hopp til innhold

Smøla vindpark kan bli lagt ned

Smøla er Norges eldste vindpark. Om 12 år kan den vere historie.

Vindmøllepark

Vindmølleparken på Smøla er landets eldste. No skal Statkraft vurdere framtida til vindparken.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I løpet av hausten skal Statkraft og vindkraftselskapet SAE Vind vurdere framtida til vindparken, skriv Teknisk Ukeblad.

Vindparken består av 68 turbinar. Konsesjonen til Smøla vindpark varer til 2025, medan levetida for ein vindturbin er på om lag 20 år.

Støtteordning forsvinn

Dei 48 nyaste turbinaner på Smøla har ei estimert levetid til 2025. For at Statkraft skal fornye vindparken er dei avhengig av elsertifikat, men denne støtteordninga går ut i 2020.

– Dersom fornyinga skjer etter 2020, ser det ikkje ut til å gå økonomisk rundt for vindparken. I så fall blir det rett og slett ei nedlegging av Smøla, seier direktør i prosjektutvikling, Knut Andreas Molstad, i SAE Vind (Statkraft Agder Energi Vind DA) til Teknisk Ukeblad.

Statkraft vil også vurdere om dei kan oppgradere vindparken innan 2020, slik at dei fell under ordninga med elsertifikat. Men dei har ikkje god tid på seg. Det tar tid å få ny konsesjon og rammeverket rundt fornying av vindparkar er heller ikkje klart, skriv bladet.

LES OGSÅ:

Skal avgjere framtida

Dersom Smøla vindpark skal fornyast betyr det at også turbinar som ikkje har gått ut på dato må skiftast ut. Dermed kan lønnsemda gå ned. Statkraft og SAE Vind planlegg no ein forstudie der dei skal legge planar for framtida til Smøla vindpark.

Dersom parken ikkje vert fornya, må ein ta ned turbinane og tårna og tilbakeføre området mest mogleg til slik det var før.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL