Hopp til innhold

Kan ikkje sende inn leitemannskap

På grunn av rasfare blir det ikkje satt inn leitemannskap i søket etter den sakna mannen i Sykkylven.

Ytstevasshornet, Sykkylven

FALL: Her ved Ytstevasshornet i Sykkylven skal helikopter i dag søke etter den sakna mannen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Evelyn Liseth

LENSMANN: Evelyn Liseth.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Årsaka er dårleg ver og framleis stor rasfare i fjellet.

- Det er uaktuelt å sende inn folk til fots no. Det heng skavlar utfor Ytstevasshornet og det er fare for at det raser ut, opplyser lensmann Evelyn Liseth.

Det har vore søkt med både ambulansehelikopter og Sea King-helikopter tidlegare, men no har dei òg retunert på grunn av for sterk vind.

- Vi vil sende inn helikopter på nytt så fort verforholda tillet det, seier Liseth.

Ikkje lokalisert

Har dykk noko formeining om kvar mannen kan befinne seg?

- Nei, vi veit ikkje nøyaktig kvar han er. Han kan like godt befinne seg langt oppe i fjellsida som nede i dalen, fortel Liseth.

Mannen har skredsøkar på seg, men leitemannskapet har ikkje klart å kome nær nok til å få kontakt. Han skal ikkje ha hatt med seg mobiltelefon.

Det har gått ras i området i natt og NRK sin reporter på staden opplyser at det stadig går nye ras.