Hopp til innhold

Person fall frå fjell i Sykkylven

Leitinga etter ein person som har falle frå Ytstevasshornet i Sykkylven er avslutta, men skal takast opp att når dagslyset kjem. To turkameratar såg den savna falle frå fjellet, og kunne ikke anna enn å sjølve ta seg ned på ski på eiga hand.

Mørket faller på mens redningsmannskapene jobber ved Ytstevasshornet

Sludd og mørke gjer arbeidet vanskeleg for leitemannskapane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er ein 35-åring frå distriktet som er sakna. Me kjem til å auke intensiteten på leitinga så snart vêr og føre betrar seg, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang til NRK.no kl.00.30.

Dei tre turkameratane hadde kome seg opp på fjellet frå Strandasida, via Vassdalen og Svartevatnet. Denne turen blir karakterisert som ein mykje brukt topptur. Ved toppen av fjellet er det imidlertid stupbratt på nordsida, og det brukar å bli bygt opp ein snøskavl som lett løyser seg ut.

Snø og dårleg sikt

Sunnmøre alpine redningsgruppe - leteaksjon Ytstevasshornet, Sykkylven

Bakkemannskap fra mellom anna Sunnmøre alpine redningsgruppe prøver å finne løysingar for å komme inn i det rasutsatte området.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Leitemannskapa holdt på i fleire timar med både hundar, bakkemannskap og fleire helikopter. Årsaka til at leitinga vart avslutta er fare for ras og dårleg sikt.

– Planen er å ta opp att leitinga med helikopter når det vert lyst og om veret tillet det, seier redningsleiar Eirik Walle ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg til NTB.

Luftambulansen har reist tilbake til basen sin i Ålesund. Sea King-helikopteret vil fly til Sykkylven medan det ventar på dagslys og betre vêrtilhøve.

I området er det no blitt mørkt, og leitemannskapa møter vanskelege forhold med tung, våt snø og fare for ras.

Skavlen brast

Ifølgje Hovudredningssentralen har dei tre personane kome ut på den store skavlen som har danna seg på toppen av Ytstevasshornet.

– Skavlen har etter alt å døme vore så stor at dei ikkje var klar over at dei gjekk på ein skavl. Skavlen har ikkje tålt belastninga, han har brukke av og vedkomane har fulgt med i etterkant av dette, seier redningsleiar Ove Frøland til NRK.

Dei to turkameratane til personen som er sakna såg fallet, men kunne ikkje gjere noko. I ettertid har dei vore i kontakt med leitemannskapa og informert om det dei såg. Planen var først å hjelpe dei ut av fjellet med helikopter, men det lot seg ikkje gjere på grunn av forholda.

– Dei tok seg derfor ned på ski den vegen dei brukte oppover, og kom seg uskadd ned der dei blei møtt av politi og ambulanse, seier Frøland.

Truleg fall på 400 meter

Område der mannen har falle er svært bratt. Fallet kan ha vore på 400 meter.

– Ut frå topografien vi kan lese oss til på kartet, ligg Ytstevasshornet på 1330 meter. Skavlen har falle heilt ned til botnen av dalen. Og botnen ligg på 850 til 900 meter. i ytterste konsekvens snakkar vi om eit fall på 400 meter, seier Frøland.

Redningsaksjon Ytstevasstind

Ambulansepersonell ventar på Hole i Sykkylven. Også alpin redningsgruppe har no kome til staden.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ikkje kontakt med mannen

Ved 01.50-tida hadde redningsmannskapa enno ikkje kome i kontakt med mannen. Han skal vere godt utstyrt, med hjelm, fjellutstyr og sikringsutstyr.

– Tilstanden er uavklart for mannen , vi har ikkje kome i kontakt med han, opplyser redningsleiar Eirik Walle ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg til NTB.

Leitar med hundar

Der er no to helikopter, ambulanse og mannskap frå ei alpin redningsgruppe i området. Sea King-helikopteret er tilkalla frå Florø. Dette mellomlanda på flyplassen i Ørsta, men har no teke av i retning Sykkylven.

– Vi er no framme med ein patrulje med to hundar. Desse blir no sett inn i leitinga saman med mannskap frå den alpine redningsgruppa, seier John Kåre Flo.

Dårleg ver i området

Det er no dårleg ver i området, med regn og svært lågt skydekke. I tillegg har mørkre sige på.

– Det er vanskelege flytilhøve, og det er førebels uvisst om det er mogleg å kome inn i området med Sea King-helikopter, seier Eirik Walle ved Hovudreningssentralen.

Fleire ulukker

For tre år sidan fall ein mann ned frå dette fjellet. Denne mannen overlevde.

– Ja, det har skjedd ei ulukke her før. Den gongen gjekk ein mann gjennom skavlen som ofte dannar seg på toppen av dette fjellet. Men vi veit ikkje om dette er tilfelle denne gongen, seier operasjonsleiar John Kåre Flo.

Fjell Sykkylven

Ytstevasstind ligg heilt i bakgrunnen på dette biletet.

Foto: Olav Lillebø

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.