Kan få økonomisk bidrag

Arbeidsgivarane må bli flinkare til å sjå kvalitetane til folk som står utanfor arbeidsmarknaden, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng. I Norge er mellom fem- og seks hundre tusen menneske utanfor arbeidslivet. Vågeng minner om at arbeidsgivarane kan få økonomisk bidrag til å rekruttere personar med helseutfordringar eller hol i CV-en.

Arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng
Foto: NAV