Kan få drive friskule i Fiksdal
Fiksdal Friskule har fått medhald ein klage til kunnskapsdepartementet om å få løyve til å drive friskule i bygda. I dag driv Vestnes kommune skulen i bygda, men det har vore diskusjonar om å leggje den ned.
– No kan vi jobbe mot å drive friskule, om kommunen legg ned skulen frå hausten av, seier Petter Inge Bergheim, styreleiar i Fiksdal Friskule SA.