NRK Meny

Kan få dramatiske følgjer

Det kan få dramatiske følgjer for asylbarn at regjeringa vil fjerne finansiering av barnehageplassar for barn i asylmottak. Det meiner interesseorganisasjonen for driftsoperatørar for norske asylmottak. Styreleiar i Driftsoperatørforumet, Tore Vaagen, ved Sunndal asylsøkermottak, fryktar dette kan ta frå asylbarna muligheiten for ein normal kvardag.