Hopp til innhold

Kallar rådhusplassen opp etter Ylvis

Bård Ylvisåkersplass? Vegard Ylvisåkersplass? Det endelege namnet er ikkje klart, men begge desse er heite kandidatar til å pryde rådhusplassen på Averøy.

Ylvis

Bård Ylvisåker og Vegard Ylvisåker kan begge bli vinnarar av den gjeve prisen.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Ylvis

Medprogramleiar Calle Hellevang Larsen er også ein kandidat i namnekonkurransen.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Det er i programserien «I kveld med Ylvis» på TVNorge den gjeve kåringa skal skje.

Over ni veker skal dei to brørne og medprogramleiar Calle Hellevang Larsen konkurrere i ulike greiner. I første runde gjekk Vegard Ylvisåker av med sigeren i kategorien publikumssurfing, men det er altså samanlagdsigeren etter ni veker som tel.

Og premien: Å få rådhusplassen på Averøy kalla opp etter seg.

Begeistra ordførar

Averøy kommunehus

Det nye kommunehuset i Averøy stod ferdig i 2013.

Foto: Kristen Vorpvik
Ann Kristin Sørvik

Ann-Kristin Sørvik er ordførar i Averøy

Foto: Trond Vestre / NRK

Om sjølve plassen skal det seiast at den kanskje ikkje er den mest spektakulære. Ein liten leikeplass, eit klatrestativ, benkar og tre samla i ei lita klynge. Men like fullt ein plass som treng eit namn. Difor var kommunen ikkje sein om å seie ja då spørsmålet kom.

Ifølgje avisa Tidens Krav fekk kommunen spørsmål om dei hadde ein vegstubb som mangla namn. Det hadde dei, og ordførar Ann-Kristin Sørvik seier til avisa at dei ikkje var seine om å seie ja.

– Dette er fantastisk god reklame og marknadsføring av Averøy i beste sendetid på TV. Vi blir nemnt i programmet over ni veker, seier ho.

Har hatt Ylvis-besøk før

Det er ikkje første gongen den vesle nordmørskommunen får merksemd frå humorduoen frå Bergen. Sist gong var i 2011 då dei samla inn pengar til nytt vegskilt på ein rasteplass i kommunen.

Den gongen blei det stor merksemd rundt kommunen, både før og etter at det omtalte skiltet kom på plass.

Spørsmålet no er kva det endelege namnet på plassen blir. Men førebels er altså Vegard Ylvisåkersplass i teten.