Hopp til innhold

Gammal tradisjon fornya i Vestnes

Juleløa på Øverås har gjennom mange år vore ein kjent samlingsplass i førjulstida for folk i Vestnes.
Etter eit kort opphald er tilbodet no tilbake for små og store som har lyst til å kome i julestemning.

Video Juleløa samlingspunkt i Vestnes

I Juleløa på Øverås har det gjennom mange år vore jobba med å skape den beste julestemninga for dei minste. Nissane rundt julegrauten er kanskje ikkje heilt ekte, men ein kan begynne å lure på om ikkje her bur ein heilt ekte nisse.

Sivert Øveraas

Sivert Øveraas har tatt oppatt arven frå far sin.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

- Det er far min som har laga til juleløa saman med nokre naboar, seier Sivert Øveraas.

Sal av Juletre og det å lage til ein samlingsplass i og rundt løa vart ein svært viktig del av livet til far hans. Då han døde for eit par år sidan blei juleløa stengd, men no har mange i familien gått sammen for å få opne den igjen.

Torill Øveraas

Torill Øveraas er glad for at tradisjonen held fram

Foto: Jannicke Farstad / NRK

- Det er viktigare enn nokon tid at tradisjonen held fram. Han Sivert er kjempeflink og tek oppatt arven etter far sin, seier Torill Øveraas.

No vil dei halde låven åpen nesten dagleg fram mot Jul, og håper at dette kan bli ein tradisjon som vil fortsette i mange år framover.

Kent-Inge Nilsen

Kent-Inge Nilsen og borna sakna juleløa i fjor.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

- Det var litt stusseleg i fjord då det ikkje var ope her. Ungane spurte etter løa, og no gler vi oss over at tradisjonen går vidare, seier ein av dei som er innom, Kent-Inge Nilsen.

På låven sitter nissen..
Foto: Jannicke Farstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL