Hopp til innhold

Juksa med lusetal

Oppdrettsselskapet Fjordlaks juksa med lusetal. Oppga null lus til Mattilsynet. Ein inspeksjon viste derimot store mengder.

Fjordlaks sitt anlegg på
Foto: Andreas Sundby / NRK

Ein av landets største oppdrettsaktørar, Anders Pedersen i Fjordlaks i Ålesund, gjekk tysdag og ut og sa at det er alt for mykje fokus på lakselus i samband med at fisket etter villaksen starta.

- For mykje fokus på lakselus

Ifølgje Pedersen, er det er alt for mykje fokus på lakselus og at påstandar vert slengt ut i lufta utan grunnlag, men ifølge ein tilsynsrapport frå Mattilsynet, juksa selskapet med eigne lusetal i 2008.

Feilinformerte

Ifølgje rapporten, vart det oppgitt at ingen av anlegga til Fjordlaks hadde påvist lakselus. Eit tilsyn frå Mattilsynet viste derimot at det var store mengder med lus og at det var meir enn det som er tillatt.

"- Det er ved inspeksjon på alle lokalitetar vurdert at det er sannsynleg at det er lus over grenseverdiar fastsett i FOR-2000-02-01 nr 70: Forskrift om bekjempelse av lakselus", heiter det i rapporten.

Rapporten viser til at det ved inspeksjon av merdene var mykje synleg lus. Dette trass i at selskapet hadde meldt frå om at dei ikkje hadde lus i sine anlegg.

Les tilsynsrapporten her: Tilsynsrapport frå Mattilsynet

Kampanje

Luseaksjon
Foto: Andreas Sundby / NRK

Natt til tysdag starta årets laksesesong og både laksefiskarar og elveeigarar fryktar at lus frå oppdrettsanlegg skal ta knekken på villaksen. Langs fleire lakseelvar her i landet heng det banner som viser fiskarane sin uro for at lus frå oppdrettsfisk skal kome over på villfisken.

Berre tull seier Anders Pedersen.

- Det er påstandar som vert slengt ut i lufta utan grunnlag, sa Pedersen til NRK på tysdag.

Pengeinteresser

I fjor omsette Fjordlaks for rundt 800 millionar kroner. Ein sværtekampanje av næringa midt i turistsessongen kan vere uheldig for bransjen.

- Dette er ikkje rettferdig. Vi kjem ingen veg dersom vi berre fokuserer på lus og ikkje andre forhold, seier Pedersen.

Oppdrettaren får ikkje støtte i fagmiljøa. Seniorforskar Torbjørn Forseth i Norsk insitutt for naturforsking, seier det er ei allmenn oppfatning blant forskarar at lakselusa er eit stort problem for villaksen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL