Hopp til innhold

- For mykje fokus på lakselus

Ein av landets største oppdrettsaktørar, Anders Pedersen i Fjordlaks i Ålesund, meiner det alt for mykje fokus på lakselus.

Luseaksjon
Foto: Andreas Sundby / NRK

Natt til tysdag starta årets laksesesong og både laksefiskarar og elveeigarar fryktar at lus frå oppdrettsanlegg skal ta knekken på villaksen. Dette er skivebom ifølgje Pedersen.

- Påstandar vert berre slengt ut i lufta utan grunnlag, seier Pedersen.

Urettferdig

Video - For mykje fokus på lakselusa.

Anders Pedersen reagerer på utsegner frå laksefiskarar.

Ifølgje Pedersen er det alt for mykje fokus på lakselusa.

- Dette er ikkje rettferdig. Vi kjem ingen veg dersom vi berre fokuserer på lus og ikkje andre forhold, seier Pedersen.

Pedersen har store økonomiske interesser i oppdrett, berre i fjor omsette selskapet Fjordlaks for rundt 800 millionar kroner.

Interesser

Pedersen seier rett ut at diskusjonen rundt lakselusa ikkje er bra for næringa, og at han heller vil fokusere på andre problemstillingar som sur nedbør, nedtapping av elvar og utslepp frå landbruket.

Oppdrettaren får ikkje støtte i fagmiljøa. Seniorforskar Torbjørn Forseth i Norsk insitutt for naturforsking, seier det er ei allmenn oppfatning blant forskarar at lakselusa er eit stort problem for villaksen. Dei momenta som Pedersen reknar opp meiner han er underordna.

Video Laksesesongen opna

Laksesesongen truga av lakselus

Video Laksefisket opna i Valldal

Laksefisket opnar i Valldal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL