Hopp til innhold

Feira NM-gullet heime i Molde

Fleire hundre møtte opp ved stadion da dei ferske cupmeistrane kom heim med kongepokalen. Men festen får ikkje skli heilt ut, ifølge MFK-trenaren.

MFK Cupgull

FYRVERKERI: Gullet blei feira i Molde laurdag kveld.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

– Det blir ikkje så mykje betre enn det her, cupmeister i ein dårleg sesong. Det er vi veldig happy for, seier kaptein Magnus Wolff Eikrem.

Som resten av laget var han ikledd gullhatt – etter å ha løfta sin sjette pokal for MFK.

Feiring cupgull molde

GULLHATTER: Magnus Wolff Eikrem fekk sin sjette gullhatt. Martin Linnes har flest i dette laget, med sju.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Fest

– Det var god stemning på flyet og blei ei øl på meg, fortel bodøværing og ny cupmeister Casper Øyvann.

– Kor mange øl får de lov til å drikke av Erling Moe i kveld, det er europacup mot Leverkusen på torsdag?

– Vi har ikkje høyrt om nokon grense, svarar kaptein Eikrem.

Bluss og hundrevis av supportarar møtte dei ferske cupmeistrane.

STEMNING: Bluss og hundrevis av supportarar møtte dei ferske cupmeistrane.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

MFK-trenar Erling Moe seier han gler seg til festen heime i Molde.

– Når vi vinn noko skal vi feire, men det blir sjølvsagt i ordna former, slik at vi er på jobb igjen på jobb igjen i morgon utpå dagen, seier MFK-trenar Erling Moe.

MFK-trenar Erling Moe jublar etter cup-sigeren

MFK-trenar Erling Moe jublar etter cup-sigeren.

Foto: Terje Pedersen / NTB

På menyen under seiersfesten står i alle fall buffé med laks, kylling, pastasalat og kjøtbollar.

Slik såg det ut da MFK kom heim med pokalen.

Seint sigersmål

Sigersmålet i cupfinalen mellom Molde og Bodø/Glimt kom rett før full tid.

Fredrik Gulbrandsen signerte målet – og utløyste fullt kok både på tribunane og i heimbyen Molde i vinterkvelden.

– Så deilig! Det sat så langt inne, men det var så deilig! Det var så spennande! jublar Merete Harstad på ein av utestadene i Molde laurdag kveld.

Ho sto i ein krok og turte knapt sjå på då Molde sikra seg cupgullet.

IMG_5013

Merete Harstad torde nesten ikkje sjå på etter målet.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Vebjørn Hjelmseth var i tung gledesrus etter sigeren.

– Det er heilt fantastisk etter alt dette, det er så deilig! ropar han.

– Kva er mest stas: Den sjette kongepokalen til premieskapet på Aker stadion eller det blir europacup i Rosenes by også neste år?

– Begge deler, triumferer Hjelmseth mellom allsong og jubelrop.

Supporterjubel i Molde

Vebjørn Hjelmseth var ein av dei som feira sigeren i Molde laurdag kveld.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Fleire av dei feirande var glade for at cupfinalen i år var på ein laurdag.

– Surrealistisk, seier målscoraren

Molde FK vant altså sitt sjette NM-gull – og plass i Europaliga-kvaliken også neste sesong.

– Det å kome tilbake til Molde og Noreg og få oppleve dette – det er heilt surrealistisk og fantastisk, seier Fredrik Gulbrandsen til NRK rett etter kampens slutt.

MFK-feiring

Glade MFK-spelarar rett etter sigeren på Ullevaal laurdag kveld.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rekorddyre Veton Berisha var også sentral på bana før det avgjerande målet.

Teatersjefen i Molde, Kristian Lykkeslet Strømskag, kommenterte laurdag kveld at summen som gjekk med til å sikre seg Berisha var verdt det.

Skjermdump frå Facebook

Teatersjefen la ut denne posten laurdag kveld. Målet til MFK gjorde at Berishas gamle klubb Viking ikkje får prøve seg i Europa neste år.

Foto: Skjermdump

Les også Glimt-Knutsen kastet Molde-kometen på dør: – Angrer overhodet ikke

Øyvann Knutsen