Hopp til innhold

Jonevret tek sjølvkritikk

Avgått Molde-trenar Kjell Jonevret meiner det er mykje han kunne ha gjort annleis i årets sesong.

Måndag fekk han sparken og MFK ligg no på den utsette kvalifiseringsplassen i Eliteserien.

Jonevret er sikker på at han ville ha berga laget frå nedrykk, men tek samtidig sjølvkritikk på ein del punkt.

Han meiner mellom anna han kunne vore tøffare overfor leiinga i sine krav om spelarkjøp.