Hopp til innhold

Jonevret kan få sparken

Spekulasjonane går om MFK-trenar Kjell Jonevret sin avgang.

Molde fotballklubb har kalla inn til pressekonferanse kl 11.30, og etter det NRK erfarer er det Jonevret sin avskjed som er tema.

Jonevret hadde suksess med Molde i fjor, men i år har ting snudd.

Det heile toppa seg søndag då Molde tapte for Vålerenga.

Etter gårsdagens 1-0-tap for Vålerenga ligg fjorårets sølvvinnar heilt nede på kvalifiseringsplass i eliteserien.

Tidlegare Lillestrøm- og Viking-trenar Uwe Rösler er nevnt som mogleg arvtagar.