Hopp til innhold

Jodla på snooker-VM

Polkabjørn frå Tomrefjord imponerte på BBC under snooker-VM

Created by InfoDispatcher

Snooker er ein stor idrett, og den britiske statskanalen BBC dekker VM i Sheffield tett.

Før kvartfinalen tysdag kveld var det Bjørn Tomren frå Tomrefjord i Vestnes det handla om. I norsk strikkegenser jodla han i veg i kjent stil på direktesendinga. Som vanleg fekk han god respons frå publikum i salen.

Spurte om å få jodle

– Eg kom i snakk med Rob Walker, ein kjend BBC-profil. Eg spurte om eg kunne få jodle for han, seier Bjørn Tomren til NRK Møre og Romsdal.

Polkabjørn er kjent for jodlinga si over heile landet. Han er også ein ivrig snooker-fan.

Ting skjedde raskt

Etter praten med snooker-kjendisen skjedde ting fort, og det vart bestemt at jodlaren skulle få opptre på direktesendinga før kvartfinalen i Crucible Theatre.

Bjørn Tomren frå Tomrefjord har den siste tida vore på turné med Ole Paus og Kleine Heine. No har han tatt seg ein svipptur til Sheffield i England, der det er VM i snooker.

Polkabjørn og Kleine Heine er på turné med den Kulturelle skolesekken.

– Korleis var det å opptre på direkten?
– Dette er jo berre tull og tøys, så eg vart ikkje noko stressa av det. Først og fremst er eg her for å sjå snooker. Publikum frå heile verda er på plass, og det var artig å kunne opptre på eit så stort arrangement.

Høgt nivå

Polkabjørn likar godt å spele snooker sjølv. Men i VM er nivået skyhøgt, så der må han vere publikummar. Og no har han også vore jodlar på eit snooker-VM.

Varmer opp for a-ha med jodling og trekkspill-polka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL