Hopp til innhold

Jente 16-lag møtt av hatrop på Norway Cup. I dag fekk dei roser og heiarop

Lagleiaren frå Molde blei sjokkert over hatropa som møtte spelarane i går. No ber gutelaget om unnskyldning. – Mange større klubber kunne lært av desse gutane, seier Siw Bergsås.

Etter tysdagens kamp under Norway Cup fekk J16-laget frå Molde roser og unnskyldning frå gutelaget.

Det var under ein kamp på Valle Hovin måndag at J16-laget frå Molde opplevde å høyre rop frå sidelinja.

– Eg kunne nesten ikkje tru det eg høyrde. Fleire spelarar ropte ganske taktfast og høgt; «Hater, hater, hater Molde by». Dette er noko vi har høyrd mange gonger på Aker Stadion, men eg blei ganske sjokkert over at det no har spreidd seg til idrettsarrangement for barn og ungdom, seier lagleiar Siw Bergsås til NRK.

Songen «Hater, hatar, hatar Molde by» har mellom anna blitt brukt av Rosenborg-supporterar i ei årrekke.

Rosenborg-supporterne hater Molde

Uttrykket «Hater Molde» har mellom anna blitt brukt av Rosenborg-supporterar i ei årrekke.

Foto: Roar Halten/NRK

Det var Romsdals Budstikke som omtalte saka først.

Sterke reaksjonar

Bergsås konfronterte både trenaren og det aktuelle laget med tilropa.

– Eg sa til spelarane at det var heilt uakseptabelt og at eg kom til å rapportere det til Norway Cup.

Etter å ha snakka med den ti år gamle veslesøstera til ei av spelarane bestemte Bergsås seg for å legge ut eit innlegg på Facebook.

– Ho fortalde meg at dette skjer heile tida på ulike cupar, og at det både er barn og vaksne som ropar det same. Det var dropen som fekk det til å renne over. No er det nok.

Og reaksjonane let ikkje vente på seg. Sidan har innlegget fått hundrevis av kommentarar og delingar.

Ønskjer ei haldningsendring

Bergsås seier vidare at ho ikkje ønskjer å sette fokus på laget som ropte. Ho vektlegg at slike tilrop generelt er ein del av eit større problem.

Siw Bergsås

Siw Bergsås meiner det er på tide å få slutt på slike tilrop.

Foto: Sindre Murtnes / NRK

– Det er så mange andre som gjer akkurat det same. Vi har høyrd desse ropa i årevis, men no må det stoppe. Vi kan ikkje ha slike hatrop mot Molde på ulike idrettsarrangement, seier ho.

Lagleiaren har no gitt ansvaret for saka vidare til leiinga i Molde FK, og håper det kan skje ei haldningsendring.

– Vi må gå inn i kjernen av problemet, og eg meiner det er noko leiarane i mange klubbar må ta tak i. Kanskje spesielt RBK og deira supporterar. No har dette spreidd seg, og vi er nøydd til å ta eit standpunkt og seie at dette ikkje er greitt lenger, seier Bergsås.

Beklagar det som har skjedd

Odd-Roar Husbyn er ein av leiarane for laget som stod bak tilropa. Han beklagar det som har skjedd.

– Dette er noko vi tek avstand frå og det er ikkje akseptabelt. Nokon har ikkje tenkt seg heilt om, og eg vil presisere at dette ikkje er noko vi som klubb står inne for.

Han fortel vidare at dei både har vore i kontakt med laget og Molde FK, og at det aktuelle laget og trenaren vil møte opp for å beklage det som har skjedd, og heie fram J16-laget på Norway Cup seinare i dag. Husbyn vektlegg at dei også kjem til å ha fokus på dette også ved oppstart til hausten.

– Mange tenker kanskje ikkje over konsekvensane av det dei seier og gjer. Dersom alle hadde tatt tak i det slik som Bergsås gjorde, så hadde det hatt ei god førebyggande effekt.

Roser og unnskyldning

Tysdag ettermiddag møtte gutelaget opp på Ekebergsletta for å beklage og heie fram jenter 16-laget. Etter kampen fekk dei også roser av spelarane. Oddbjørn Øygarden, ein av trenarane til gutelaget, seier dei no har sett i gang tiltak for å unngå at noko liknande skal skje igjen.

Oddbjørn Øygarden

Oddbjørn Øygarden, fortel at gutane er svært prega av det som har skjedd.

Foto: Marte Nyløkken Helseth / NRK

– Vi hadde først eit spelemøte i går kveld og eit i dag om at slik oppførsel ikkje er greitt. Gutane er prega av det som har skjedd. Det var ikkje noko hat mot Molde frå vår side, seier Øygarden.

Lagleiar Siw Bergsås synest det var stort av gutelaget å be om unnskyldning.

– Det viser at dei er rause og at det går an å be om unnskyldning. Mange større klubbar kunne ha lært av desse gutane.

Også Norway Cups generalsekretær, Tony Isaksen, synest det er bra at det no blir sett fokus på problemet.

Tony Isaksen

Norway Cups generalsekretær, Tony Isaksen.

Foto: Else Karine Archer / NRK

– Det er bra at det blir retta merksemd mot uønskte hendingar innanfor idretten. Det er for det meste god stemning her på Ekebergsletta og vi har mykje fokus på «Fair play», seier han.

– Trist

Espen Viken, leder i Kjernen

Espen Viken, leiar for Rosenborg BK sin supporterklubb Kjernen, synest det er trist at nokon har ropt «Hater Molde» til et J16-lag.

Foto: Bent Lindsetmo

Espen Viken, leiar for Rosenborg BK sin supporterklubb Kjernen, synest det som har skjedd er trist. Han meiner likevel ikkje at dei kan ta skulda for at uttrykket «Hater Molde» har spreidd seg.

– Det vitnar om dårleg dømmekraft hos dei som held på med dette. Eg representerer kjernen og ein supporterkultur som høyrer heime på toppfotballnivå. Der er rammene ganske annleis. Ungdom og barn hermar etter mykje, så det er viktig at trenarar og lagleiarar sett ramme for dette.