Hopp til innhold

Jamnt på oppløpet

Dei politiske partia mobiliserer for fullt i dag og i morgon i kampen om å vinne veljarar.

Klinge, Kongshaug og Nørve
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Stortingsvalet måndag kan bli rekordjamnt både her i fylket og i kampen om regjeringsmakta.

Tøff innspurt for mange kandidatar

Innsatsen dei siste dagane kan bli avgjerande, meiner Arbeidarpartiet sin kampkandidat, Tove Lise Torve.

- Det er kjempeviktig, og for oss raud-grøne spesielt og Arbeidarpartiet spesielt, så handlar det om å oppfordre folk til å gå til valurnene, seier ho.

Dei er i ferd med å nærme seg målstreken etter veker med beinhard jobbing i kampen om veljarane. Fleire av politikarane kjempar for sine politiske liv. Kvar stemme er viktig. Det gjeld å kaste seg på årene dei siste to dagane av valkampen.

Leif Helge Kongshaug frå Venstre ligg utsett til. Han og partiet mobiliserer for å behalde mandatet.

- Spesielt for Venstre er det viktig, for vi er eit parti som alltid har fott oppslutning fram mot valet. Då er det viktig å stå på fram til ein er på hoppkanten, så får vi sjå kor langt ned i bakken vi kjem på valdagen måndag, seier Kongshaug.

Stand og heimebesøk

Jenny Klinge frå Senterpartiet må også kjempe for plassen på Stortinget. I helga skal ho stå på stand heime i Surnadal.

- Eg har vore alt for lite heime i det siste, så eg håper eg treff mange veljarar der.

Å stå på stand har vore ein vanleg måte å mobilisere på dei siste dagane før valget. I Høgre er det tradisjon for å husbesøk. Det synest kampkandidaten Torgeir Dahl er moro.

- Eg synest det fungerer godt, vi står ikkje å diskuterer politikk i eit kvarter. Men av og til tek det litt tid fordi veljarane er interessert i kva vi står for, seier Dahl.

Valkamp er hardt arbeid

Onsdag var den siste paneldebatten i årets valkamp i Møre og Romsdal. Det skjedde på Lille Onkel i Kristiansund. Paneldebattar er det mange av når det er valkamp i Møre og Romsdal. Ein kvar tettstad med respekt for seg sjølv arrangerer ein paneldebatt i løpet av valkampen.

Valkamp er hardt arbeid, valkamp er ikkje noko liv for pyser. Bjørn Jacobsen merkar køyret.

- Eg er sliten, innrømmer han.

Arbeidarpartiet størst i ny måling

Arbeidarpartiet får ei oppslutning på 28,3 prosent og sikrar dermed tre mandat syner ei måling gjort av Norfakta for Adresseavisen.

Framstegspartiet er like bak med ei oppslutning på 28,1 prosent.

Venstre og SV er ute av Mørebenken på denne målinga.