Ja til helsehus i Rauma

Kommunestyret i Rauma vedtok tysdag å bygge nytt helsehus med kjøkken på Åndalsnes. Det skriv Åndalsnes avis. Kommunen takkar også ja til ei gåve frå Wenaasgruppen på i alt 41 millionar kroner.
Saka har skapt stor diskusjon fordi givaren ønskte at helsehuset skulle ha kjøkken.