Iverksett leiteaksjon

Politiet har sett i gang leiteaksjon etter mannen som har gått seg bort i tåka på fjellet i området Fagerlia i Gjemnes. Røde Kors, Norsk folkehjelp, Norske redningshundar og politiet deltek. Mannen skal vere godt kledd og sit ved ei hytte, men aner ikkje kvar. Politiet har tru på at dei skal finne han innan kort tid.