Hopp til innhold

Island-sjef ser lyspunkt

Island Offshore har inngått fleire kontraktar på fartøya sine denne veka. Adm.dir, Tommy Walaunet, seier til NRK at han ser lyspunkt både i år og neste år, sjølv om det ikkje er snakk om ei friskmelding. Island offshore kjem til å få ei resultatforbetring på 30 prosent i år samanlikna med fjoråret, men taper framleis pengar. Selskapet omsette for 1,6 milliardar kroner ifjor, men hadde eit negativt resultat før skatt.

Tommy Walaunet, Island Offshore
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL