Hopp til innhold

Iselin (19) slit med hjernetåke etter korona

Iselin Vartdal Aam blei smitta av korona for over eitt år sidan. Framleis kjempar ho med utmatting, hjernetåke og andre symptom. Ein kinesisk studie av koronasjuke gir likevel håp.

Iselin Vartdal Aam (19) har seinfølger av Covid-19.

Iselin Vartdal Aam går siste året på Volda vidaregåande skule. Året har vore prega av mykje fråvær.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

– Først blei eg betre, men så har tilbakefalla blitt kraftigare og kraftigare, fortel Iselin Vartdal Aam frå Ørsta.

I fjor fekk ho korona, etter smitte frå eit familiemedlem. Etter eit par veker med sjukdom trudde ho alt var bra. Heilt til sommaren.

– Då byrja eg å slite med utmatting og gløymsel. Det har påverka resultata på skulen ganske mykje, seier avgangseleven ved Volda vidaregåande skule.

Etter å ha fått ein kur med energitilskot frå legen sin, blei det betre i ei periode. Den skulle fylle energilagera hennar, fordi dei var unaturleg tomme.

Klarte nesten ikkje å bevege seg

Men så byrja tilbakefalla å bli kraftigare. Lengre.

– Det kjendest håplaust. Skal eg ikkje bli betre?

Ein morgon klarte ho ikkje å bevege seg.

– Eg skulle skru på mobilen min, men klarte ikkje å trykke ned knappen, fortel Aam.

Ein skjermdump av ei Instagram-historie Iselin Vartdal Aam la ut for å fortelje flest mogleg kva ho lid av.

Fleire personar forstod ikkje kva Aam gjekk gjennom. Difor publiserte ho ei Instagram-historie der ho fortel korleis det er, og har vore.

Foto: Skjermdump @isvartdal / Instagram

Desse hendingane kan skje når som helst, men oftast når ho vaknar om morgonen.

– Det er veldig skummelt, fordi då klarer eg ikkje å gjere ting eg vanlegvis kan.

Hobbyane hennar som fjellturar og trening møtte kuttast ut. Ho har ikkje energi til det lenger.

Tilbake på jobb etter to år

Ein kinesisk studie publisert i tidsskriftet The Lancet, viser at dei aller fleste som har hatt seinfølger etter korona har kome seg tilbake til sin opphavlege jobb etter to år.

Likevel er det framleis mange som slit med den fysiske og psykiske helsa.

Signe Agnes Flottorp, forskingssjef ved FHI

Signe Agnes Flottorp er forskingssjef ved senter for forsking på epidemitiltak ved FHI.

Foto: Universitetet i Oslo

Mellom anna kan dette vere dårlegare treningskapasitet og auka behov for helsehjelp.

– Det er all mogleg grunn til å tenke at dei fleste kan verte heilt bra, seier Signe Agnes Flottorp, forskingssjef ved FHI.

Likevel trur Flottorp at nokre må leve med varige men.

– Basert på erfaringar frå andre sjukdomar kan vi tenke det.

Bør ikkje bekymre seg for ny smittebølge

Det finst ingen mirakelkur som kan kurere personar som har seinfølger etter korona. Likevel kan fleire behandlingar, som rehabilitering, hjelpe.

Les også Håper ny studie gir bedre behandling mot «long covid»

Tom Farmen Nerli

– Fleire studiar, inkludert den kinesiske, viser at dei fleste kjem seg tilbake på jobb. For mange går symptoma over av seg sjølv, også utan at ein gjer noko, fortel Flottorp.

No er Noreg på veg inn mot ei ny smittebølge. Flottorp meiner vi bør ikkje vere bekymra for seinfølger om vi blir smitta.

Om ein skulle vere så uheldig å få seinfølger av korona no, meiner forskingssjefen at ein må prøve å leve normalt, og halde seg så aktiv som mogleg.

– Men dei aller fleste får ikkje seinfølger i det heile tatt.

Flottorp viser til ein ny britisk studie som viser at talet sjuke etter smitte av omikron-varianten er mykje lågare enn tidlegare i pandemien.

Vaksinerte er også betre beskytta mot seinfølger om ein skulle bli smitta.

Smør seg med tolmod

Iselin (19) på ein av sine siste fjelltur før ho måtte kutte dei ut på grunn av seinfølger etter korona

Iselin Vartdal Aam (19) på ein fjelltur etter ho fekk korona. Det var so vidt ho klarte å kome seg til topps på grunn av utmattinga. No har ho kutta ut turane.

Foto: Privat

Akkurat no ser ikkje Iselin Vartdal Aam lyst på tida framover. Tilbakefalla hennar har berre blitt verre, utan teikn til forbetring.

– Ingen tiltak eg har prøvd har vore effektive i å stoppe det.

Aam håper at ein legetime på ei spesialistavdeling ved Ålesund sjukehus skal gi svar på korleis ho skal bli betre før ho startar utdanninga si.

– Så eg må berre smørje meg med tolmod og vente på svar derfrå.