NRK Meny

Is frå høgspentline

Fleire hus på Høydalsneset i Volda kan kome til å bli sanerte på grunn av at isklumpar dett ned frå den nye 420 kilovolts høgspentlina, skriv Sunnmørsposten. Huseigarar forhandlar no med Statnett om erstatning. Kram og fuktig snø klistrar seg til den varme lina og frys til is. Deretter losnar isen og store, livsfarlege isklumpar fell ned ved husa, skriv Sunnmørsposten.