Hopp til innhold

Internettproblem etter straumbrot

Fleire har problem med fiberleveransen etter det omfattande straumbrotet på Sunnmøre onsdag. Dei fleste av Tafjord sine kundar skal no ha fått internettet tilbake. – Vi anbefaler kundar som ikkje kjem på nett etter straumbrotet om å ta ein restart av heimesentralen, seier Kari Løken, kommunikasjonssjef i Tafjord. I Sykkylven skuldast NextGenTel sine problem ein fiberfeil i Ålesundsområde, men det skal vere retta torsdag formiddag. Også Canal Digital sine kundar på Sunnmøre opplever problem på grunn av ein feil i systemet. Fleire av Broadnet sine kundar er også utan internett. Dette skuldast at dei må bytte eit defekt kort i Ålesund etter straumbrotet. Forhåpentlegvis vil det skje i dag, opplyser dei.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL