Hopp til innhold

Innstilte hurtigbåtar i hauststormen

Fleire ferjer og hurtigbåtsamband har vore innstilte på grunn av sterk vind.

Ferja Kvaløy er innstilt

Ferja Kvaløy låg til hamn på Ona på grunn av den sterke vinden. Ferja er no tilbake i rute att.

Foto: Kurt Magerøy

Årets første hauststorm trefte først Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i natt. Seinare i dag er det Trøndelag og Helgelandskysten som får det. På Helgelandskysten har meteorologane oppjustert farevarselet for kraftig vind, til oransje nivå. Det er venta vindkast opp mot 40 meter per sekund.

I Møre og Romsdal var fleire ferje og hurtigbåtsamband innstilte

  • Hurtigbåten mellom Trondheim og Kristiansund.
  • Hurtigbåten som går mellom Ålesund-Nordøyane
  • Hurtigbåten mellom Langevåg og Ålesund.
  • I rute 22 mellom Brattvåg-Dryna-Harøya er det stor forseinkingar på grunn av veret.
  • Hurtigbåten mellom Molde-Vestnes-Sekken

Hareid-Sulesund innstilte ein tur på grunn av sterk vind, men går no som normalt. Ferjesambandet Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona var også innstilt i morgontimane, men klokka halv åtte kom meldinga om at dei no går som normalt.

Frå klokka 1345 går hurtigbåten mellom Langevåg og Ålesund som normalt. Brattvåg - Dryna - Fjørtofta - Harøya er også i gang igjen.

  • Fylkesveg 63, Geiranger-Langvatn har vore nattestengt på grunn av veret. men vart opna klokka 12.
  • Trollstigen er også stengt, og blir ikkje opna før tidligst onsdag morgon.
Hurtigbåten mellom Ålesund og Nordøyane er innstilt

Hurtigbåten som går mellom Ålesund og Nordøyane er innstilt inntil vidare.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sogn og Fjordane:

  • Ferjesambandet Måløy-Oldeide var innstilt inntilt på grunn av vinden. Normal drift igjen frå kl. 09.50.
  • Nordgåande hurtigrute, MS Richard With ligg til kai i Måløy, fordi dei ikkje tok ikkje sjansen på å krysse Stadhavet. Her reknar dei med å bli liggande fram til kl. 13.00, skriv Fjordenes tidene.
  • Fylkseveg 55 Sognefjellet stengt på grunn av uver.

I Oppland er fylkesveg 51 Valdresflya stengt på grunn av uver.

Innstillingar i Trøndelag:

  • Hurtigbåten mellom Trondheim og Kristiansund
  • Ferja mellom Dyrøy og øyrekka.
  • Fv 771 Leka: ferjestrekninga Skei-Gutvik
  • Ferja mellom Seierstad og Ølhammeren
  • Ferja mellom Levanger og Ytterøy

Hurtigbåten mellom Namsos, Rørvik og Leka skal gå som vanleg, det same gjeld for Hofles-Geisnes-Lund.

Innstillingar i Nordland:

  • Ferjesambandet 18-412 Rødøybassenget
  • På hurtigbåtruta Rødøy er alle angangar innstilt ut dagen på grunn av høg sjø
  • Ferjeruta 18-414 mellom Jektvik-Kilboghavn
  • Hurtigbåten mellom Brønnøysund og Rørøy
  • Fergesambandet Søvik - Austbø - Herøy - Brasøy.
  • Ferjesambandet Horn-Andalsvågen
  • Midlertidig stengt: Igerøy-Tjøtta og Igerøy - Horn på strekninga Gladstad - Horn og hurtigbåtruten Bodø-Gildeskål.
  • Rute 18-193 Lurøy er kansellert ut dagen.

Helgelandsbrua er stengd i periodar.

Kraftig vind på Helgelandsbrua

Helgelandsbrua i Nordland er stengt i periodar.

Foto: Statens vegvesen

Full storm på kysten

På Ona og Veiholmen i Smøla i Møre og Romsdal er det målt liten storm med styrke 23 og 24 meter per sekund. På Sula i Fosna i Trøndelag er det også målt liten storm, 22 m/s.

– No er det sørvestleg full storm på kysten av Møre og Romsdal. Det kjem nok kortvarig opp i sterk storm på dei mest utsette plassane, seier statsmeteorolog Kristin Seter.

Det er venta at vinden skal minke på Sunnmøre og auke på Nordmøre.

I Trøndelag er det meldt auke til sørvestleg full storm på kysten, som skal minke utover ettermiddagen. I Nordland er det meldt sørvestleg, seinare vestleg full storm på Helgeland.

Reporter Eirik Haukenes sleit med å halde seg på beina tysdag morgon.

Rydd lause gjenstandar

Fylkesberedskapssjef i Nordland, Asgeir Jordbru, seier til NRK at dei har auka beredskapen før stormen. Han rår folk til å rydde inn lause gjenstandar og bu seg på at det kan komme straumbrot og at det blir innstillinger og stengde vegar.