NRK Meny
Normal

Ingunns strikk har blitt ein farsott

Ingunn Myklebust ante ikkje kva Instagram var for noko. Likevel fekk ho over 23 000 følgjarar då ho oppretta ein strikkeprofil på nettsamfunnet. Det er ikkje berre menneske ho designer for.

Einar

Hunden Einar er ofte modell for Ingunn sine plagg. Han har sjølv 17.000 følgjarar på Instagram.

Foto: Privat

I løpet av to år har Ingunn Myklebust frå Ålesund blitt ein dei største strikkarane i Norge. Gjennom eigen nettbutikk og "Woolspire", Skandinavias største strikkebutikk på nett, sel ho strikkeoppskrifter til folk over heile verda. No planlegger ho å gi ut ei strikkebok med lueoppskrifter i løpet av året. Alt dette kan ho takke nettsamfunnet Instagram for.

– Sonen min meinte at dersom eg skulle bli internasjonal med strikkinga mi, så måtte eg ha ein instagramprofil. Eg var skikkelig negativ og visste ikkje kva Instagram var eingong, seier ho.

Ingunn Myklebust

Ingunn Myklebust har eigen nettbutikk der ho sel strikkeoppskrifter og er ein av Norges største strikkarar på Instagram.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Likevel insisterte sonen, Stian Grytten på å lage ein profil til henne. Gjennom "Knitting Inna" opna det seg ein heilt ny verden.

Topp 5 i Norge

Ingunn kunne ikkje tru det då ho hadde fått 500 følgjarar, men 500 vart fort til heile 23 000 følgjarar. No er ho på topp 5 over dei største strikkarane på Instagram i Norge.

– Det er ganske utrulig at det er så mange som ønskjer å følgje meg, og eg kjenner meg veldig audmjuk.

Folk over heile verda følgjer henne på nettsamfunnet, og Ingunn synest det er kjekt å ha oversikt over kva type følgjarar ho har.

– Strikking har teke heilt av, og det er artig å sjå kor mange unge som følgjer meg og som strikkar plagga mine.

Knitting Inna

'Knitting Inna': Ingunn brukar kvart ledige minutt på å strikke.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Strikkar hundeplagg

Ålesunderen lagar sine eigne oppskrifter, og varemerket hennar er at det skal vere enkle design, som kan strikkast av alle. Tusenvis av bilete blir lagt ut på Instagram av personar som har strikka Ingunn sine design.

– Det hender at eg ser folk på gata med klesplagg strikka etter mine oppskrifter, og det er veldig stort.

Det er ikkje berre folk oppskriftene hennar passar for. Ingunn strikkar også hundeplagg med Stian sin hund, Einar som modell. Det har vist seg å vere veldig populært.

Strikking som levebrød

Ingunn er oppteken av at bilda skal vere fine og delikate. Ho har eigen fotograf og strikkedesignet visast ofte fram gjennom vakre bilete av Ålesund.

– Ålesund er jo verdens finaste by, og det blir aldri tomt for flotte motiv. Eg har fleire gongar teke med ein varm gensar på ein fjelltopp om sommaren, seier ho lattermildt.

Knitting Inna

STRIKKEBOK: Ingunn starta med å strikke luer, og i år kjem ho ut med ei strikkebok med lueoppskrifter.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Det ligg mykje arbeid både bak å utvikle design, strikkeprøver og å oppdatere Instagramprofilen.

Kunne du ha gjort det til eit levebrød?

- Ja, eg ynskjer no det. Det er enda litt opp og fram, men nettbutikken går godt og eg sel oppskriftene mine over heile verda, så målet mitt er å kunne leve av det.