Hopp til innhold

Ingen vaksinekø i år

Helsestyresmaktene oppmodar fleire enn dei som før vart rekna som risikogrupper om å la seg vaksinere i haust. Men det er ingen stor etterspørsel enno, verken på legekontora eller på legevakta.

Video Ingen stor etterspurnad etter influensavaksine

Ingen stor etterspurnad etter årets influensavaksine

Roar Pedersen

Roar Pedersen er smittevernlege i Ålesund

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

- Tar du vaksinen har du større sjans til å få ei mildare utgåve av influensaen og unngå komplikasjonar, seier Roar Pedersen som er smittevernlege i Ålesund.

Vaksinen er ikkje farleg, seier doktoren og han oppmodar om at risikogruppene tar imot vaksine - i god tid - før influensaen er her.

Spesiell situasjon i fjor

Hausten i fjor var spesiell. Då blei det oppfordra til massevaksinasjon mot svineinfluensa. Kommunane og folk flest retta seg etter oppfordringa frå styresmaktene. No hevdar mange at dette var å overdrive.

- Den viktigaste kritikken er vel kanskje at styresmaktene ikkje tona det ned fort nok, seier Pedersen.

Ein kan ikkje utelukke nye tilfelle av svineinfluensa, og vaksinen i år er laga slik at den skal beskytte også mot dette viruset. Men skepsisen rår.

Oddny Skarbø

Oddny Skarbø tek influensavaksinen slik ho har gjort dei siste åra.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Oddny Skarbø er ei av dei som har tatt influensavaksine i mange år.

- Men når det no har blitt ei blanda vaksine er eg litt i tvil, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL